På platespelaren ligg gamalt gull.
«Sweet Freedom» med Uriah Heep. Åja!
Det her er ekte rock som gjer meg glad!
Kven bryr seg vel om nymoderne tull?
Legg merke til kor klokkereint det læt!
Du veit, eg vaska plater i går kveld.
Vinylen treng vedlikehald og stell,
for eg krev maksimal sonoritet.
Dei unge bryr seg ikkje om det ekte.
Dei høyrer helst på rap og anna rør
frå Spotify. Dei skjøner ikkje bæret,
og overser det fysiske aspektet.
Å nei, du! Alt var mykje betre før
- då Zeppelin og Rush var populære.

Kommentarer
Legg inn en kommentar