Tex Willer nr. 739 «Det glemte folket» av Gianfranco Manfredi og Carlos Gomez Egmont, 2025 «Sannheten er nok en gyllen middelvei… Du kan huske oss som lovens håndhevere med uortodokse, men rettferdige metoder.» Med desse orda avsluttar Kit Carson denne avsluttande episoden av historia som byrja i førre nummer av Tex Willer . Orda seier ein del om seriens moralske univers og filosofiske utgangspunkt. Som vanleg ordnar Tex og Carson opp når ærlige, fredelige og siviliserte mennesker, i dette høvet mormonske nybyggjarar, vert truga av menneskefiendtlige krefter som har tilhald på utsida av sivilisasjonen. Tematisk tek historia opp det motsetnadsfylte forhaldet mellom natur og kultur, og, i forlengelse av det, mellom id, ego og super-ego, for å seie det med Freud. Rett nok gjer manusforfattar Gianfranco Manfredi dette på ein ganske banal måte. Skurkane i eventyret er eit kobbel hakkande gale og monstrøst utsjåande valdsmenn som fer rundt og drep folk i nærmiljøet. Manfred...
Katekismus for det oplyste Borgerskab