Tex Willer nr. 739
«Det glemte folket» av Gianfranco Manfredi og Carlos Gomez
Egmont, 2025
«Sannheten er nok en gyllen middelvei… Du kan huske oss som lovens håndhevere med uortodokse, men rettferdige metoder.» Med desse orda avsluttar Kit Carson denne avsluttande episoden av historia som byrja i førre nummer av Tex Willer. Orda seier ein del om seriens moralske univers og filosofiske utgangspunkt. Som vanleg ordnar Tex og Carson opp når ærlige, fredelige og siviliserte mennesker, i dette høvet mormonske nybyggjarar, vert truga av menneskefiendtlige krefter som har tilhald på utsida av sivilisasjonen.
Tematisk tek historia opp det motsetnadsfylte forhaldet mellom natur og kultur, og, i forlengelse av det, mellom id, ego og super-ego, for å seie det med Freud. Rett nok gjer manusforfattar Gianfranco Manfredi dette på ein ganske banal måte. Skurkane i eventyret er eit kobbel hakkande gale og monstrøst utsjåande valdsmenn som fer rundt og drep folk i nærmiljøet. Manfredi gjev dei ein backstory, men den er syltynn og lite truverdigig i den narrative konteksten.
Intrigen er veldig enkel. Det er få overraskingar og mykje av det som skjer, minner om Tex-eventyr eg har lese tidlegare, men det heile er actionfylt og godt fortalt. Tex Willer har trass alt ei velprøvd oppskrift som fungerer godt. Midtvegs i heftet er det ein interessant samtale mellom Tex og ei kvinne som høyrer til mordarbanden. Der vert me fortalt at dei gale mordarane ikkje kan noko for at dei er som dei er. Eigentleg er det dei som er ofra, og det er samfunnet som har skylda. «Dere må gjerne dele verden inn i snille og slemme. Jeg greier det ikke lenger,» seier kvinna. Relativismen hennar vert snøgt avfeid av Tex: «Det er ikke vår oppgave å dømme noen, Brenda. Vi ønsker bare rettferdighet og vil beskytte de svakeste.» Her stangar hennar moralrelativisme mot ein menneskeleg vegg av enkel, konservativ pragmatisme. Dette er ikkje ulikt det me ofte ser i det offentlege ordskiftet i dag.
Teikningane til Carlos Gomez er framleis imponerande. Han teiknar rasande flott, men har ein diverre ein hang til å teikne einskilde figurer, særleg heltane, med mykje tynnare, meir presis strek og fleire detaljar enn andre delar av biletet. Eg reknar med at han teiknar digitalt og reduserer storleiken på desse figurteikningane før dei vert plassert i rutane. Det resulterer i uharmonisk visuelt uttrykk med forstyrrande innslag av fotorealisme i teikningar som elles er prega av ein mykje røffare strek. Samstundes må eg vedgå at eg synest biletkomposisjonane til Gomez er strålande, og at bakgrunnane hans ofte er oppsiktsvekkande gode.
Medan prologen i førre nummer var veldig sterkt forankra i westernsjangeren, er ber denne andre episoden meir preg av å vere ein generell eventyrserie med innslag av skrekk, ein annan sjanger italienarane er gode på. Manfredi sjølv har jo skrive både Dylan Dog, ein klassisk skrekkserie, og Magisk Vind, som jo blandar westernsjangeren med skrekk. Sjølv om eg nok vanlegvis føretrekkjer meir tradisjonell western i Tex Willer, er det ein kjennsgjesning at serien alltid har henta impulsar frå andre sjangrar, og ofte fungerer det bra. Her synest eg berre det vert litt for enkelt.
Vart eg underhaldt av denne forteljinga? Ja. Vart eg imponert? Nei.
Dette var siste Tex Willer-omtale i 2025. Kjem eg til å halde fram med dette i 2026? Kven veit. Framtida er det i grunnen vanskeleg å veta noko sikkert om. Men kom gjerne innom stuggu i januar. Kan hende du finn ein omtale av Tex Willer nr. 740?

Kommentarer
Legg inn en kommentar