![]() |
| Tejekhov i 1901. |
8: «Om tobakkens skadevirkninger»
DALBERG
Kjære lesar! I går las eg det siste teaterstykket i boka «Åtte enaktere». «Om tobakkens skadevirkninger» er ein monolog på fire og ei halv side, der «Njukhin, ektemann til sin hustru som er innehaver av en musikkskole med pikepensjonat», legg ut som sitt skrekkelege liv og ekteskap under dekke av å halde ei førelesing om tobakkens skadeverknadar. Som ein forstår, er temaet det same som i «Tragiker mot sin vilje» og «Jubileet», men her inneheld humoren eit større mørker enn i dei stykka. Språkleg sett er det glitrande. Monologen spring frå tema til tema, og tobakkens skadeverknadar er det minste av dei, men det heile vert gjort så elegant og vittig at ein som lesar - eller tilskodar, ja for eg måtte sjå ei framføring på Youtube etter å ha lese stykket - er med heile vegen. Ved fyrste augekast ser monologen ut som ei novelle, med dei tettpakka sidene med tekst, men når ein les, ser ein at Tsjekhov nyttar verkemidla til dramaforma på ein særs effektiv måte, særleg mot slutten av einaktaren. (Kremtar og drikk vatn frå eit glas) Då eg var ferdig med stykket slog det meg at føredragshaldaren ikkje berre er ein karikatur av ein kua tøffelhelt som har lufta frustasjonen sin over ein utakksam, arbeidssky, sjølsentrert og grisk ektemake, men ein verkeleg mann som har innsett at han har kasta bort livet sitt og no er vorten gamal og skral. For å vere heilt ærleg synest eg stykket var framifrå. (Tek på briller, snur seg mot høgre og les frå eit manuskript) «Dette var siste innlegget i serien om Tsjekhovs einaktarar. Om du berre kjenner dramatikaranen Tsjekhov frå dei store «fullengdarane», vil du truleg også setje pris på denne boka, og om du berre kjenner novelleforfattaren men er interessert i korleis han er som scenediktar, inneheld boka nokre fine smakebitar. Av dei åtte einaktarane er det berre to stinkarar. Det er ikkje dårleg.» Og lat meg avslutningsvis gå attende til spørsmålet eg brakte opp i fyrste innlegg i denne serien. Har eg lese «Åtte enaktare» før? Sant å seie kjenner eg ikkje igjen nokre av narrativa denne boka. Men det treng ikkje naudsynleg å bety at eg ikkje hr lese ho før. Eg kom nemleg til på tenkje på likskapen mellom titlane «Om tobakkens skadevirkninger». Sistnemnde var nytta nytta for denne artikkelen for snart fem år sidan. Det kan ha vore ein rest av eit minne som heldt seg fast, sjølv om resten av boka hadde gått i gløymeboka. Og kven veit? Kan hende vil eg gløyme boka enda ein gong? Den som lever får sjå. Dixi et animam levavi!» (Bukkar og går ut)
Åtte enaktere
Anton Tsjekhov
Omsett av Kjell Helgheim
Solum, 2008


Kommentarer
Legg inn en kommentar