Doggerland Agnes Ravatn Samlaget, 2025 Eg har nett lese romanen Doggerland av Agnes Ravatn. Eg veit at Ravatn har vore litt av ein «superstar» i Noregs litterære dameklasse i ein god del år no, men for meg har ho berre vore eit etter kvart kjent fjes i avisene som frå tid til anna har noko å meddele om bøker og ymse anna. Dette er med andre ord den fyrste romanen hennar eg har lese. Og dette er ein bok med både sterke og svake sider. Boka handlar om eit familieeigd forlag som skal overførast til neste generasjon. Kven av søskena overtek direktørstolen? Litteraturelskaren eller bedriftsøkonomen? Historia vert fortalt av Edda, redaktør og kona til direktørsonen Filip, den eine av dei to pretendentane til direktørstolen. I byrjinga framstår Edda som sympatisk og ei aning snusfornuftig, men så dukkar det opp eit mystisk manuskript, og etter kvart som historia skrir fram, vert det klart at dette er ei kvinne med pikante løyndomar i fortida si og ein meir pragmatisk personleg moral en...
Würmstuggu
Katekismus for det oplyste Borgerskab