For tre veker sidan vart det rekna som ein høgreradikal konspirasjonsteori at Joe Biden ikkje har dei kognitive evnane til å vere president av verdas mektigaste land, og at han dimed ikkje burde stille til gjenval. I dag trekker Biden seg frå valet og let partiet finne ein ny kandidat. Det er jo ein ganske interessant utvikling.
Sjølv om røynda alltid trumfar ynskjedraumar, går det an å halde ho på ei armlengds avstand ei viss tid, og det er noko hovudsstraumsmedia og Bidens politiske allierte har jobba hardt for dei siste tre åra. Det er ganske imponerande korleis dei har klart å lukk auga for alle dei virale videoane av rare ting den gamle, gløymske mannen i Det kvite huset har gjort og sagt dei siste fire åra. Kvifor har dei gjort det? Kvifor har dei late som dei ikkje har sett det, eller avfeia dei som «cheap fakes»?
Det kan vere så mykje. Det er eit hardt politisk klima med sterk politisk polarisering i Amerika for tida. Det er mykje som står på spill for det demokratiske partiet. Krigar skal utkjempast, våpenprodusentar skal ha inntening, ein ny, radikal ideologisk ortodoksi skal konsoliderast. Når folk klagar på prisvekst, offentleg pengebruk, avindustrialisering, og ulovleg innvandring, kan det vere lurt å fokusere på kor fæl Donald Trump er, og bruke merkelappar som «fascist» og «rasist», i staden for å gjere noko med problema. Det er ikkje uvanleg å nytte rettssystemet for å få bukt med politiske motstandarar, i alle fall i autoritære land, men ikkje i Sambandsstatane. Det er heller ikkje uvanleg å framstille opposisjonen som eit trugsmål mot demokratiet - i autoritære land. Konspirasjonsteorier er eit noko mindre uvanleg grep for å halde på makta, også i liberale land, men ein må rekne med reaksjonar når det vert øyredøyvande togn i media når det vert avslørt at dei er usanne. Eg nemnar berre: «Russia gate», laptopen til Hunter Biden og Twitter Files. Når Trump vert kalla «fascist» av regimetru amerikanarar, vert dette, ikkje overraskande, møtt med eit skuldertrekk. Folk har blitt vane med at meiningsinnhaldet i orda vert fordreia for å passe inn i eit ideologisk mønster. Kvifor skal ein bli provosert av å bli kalla fascist av ein som ikkje kan forklare kva ei kvinne er, eller som meiner rasesegregering er antirasisme?
No blir det spanande å sjå kven som tek over som presidentkandidat for Det demokratiske partiet. Det mest naturlige er at det blir Kamala Harris, men her i Würmstuggu er me skeptiske til at ho har det som skal til for å slå Trump. Ho har også sagt mykje rart, noko som Trump-kampanjen kjem til å utnytte. Det ser mørkt ut for Demokratane no. Kan hende for heile verda. Det vert jo hevda at Trump har planar om å avskaffe demokratiet og kaste verda ut i ein ny verdskrig. Den som lever, får sjå.
Illustrasjon: Rajasekharan
Kommentarer
Legg inn en kommentar