Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg med etiketten Kortprosa

Insektenes morgen

  13. mars 1634 ble det oppdaget et anstrøk av galskap i dr. Octavius Quenstedts håndskrevne notater til den selvbiografiske beretningen han aldri rakk å fullføre før en bande landeveisrøvere angrep vognen han reiste med fra Frankfurt til Köln for å delta i sin datters bryllup høsten 1598. 24. oktober ble Quenstedts lik funnet forkullet sammen med tre andre passasjerer samt et manuskript som foruten tre blad var ødelagt av flammene. Det forbrente dokumentet har fått navnet «Insektenes morgen» av Quenstedts studenter, som la ned en heroisk innsats i å rekonstruere manuskriptet ut fra de ytterst fragmentariske kunnskapene de hadde om sin læremesters liv. I sin levetid bekjentgjorde Quenstedt lite om seg selv, og fra graven sugde han til seg de beste fruktene av sin samtids lyseste hoder, som et sort hull i et avfortryllet århundre. Ilustrasjon: David Friedrich

Togna i naturen

Kvar kveld skjer skrik gjennom mørkret rett før  universet teiknar seg på himmelen og småkrypa  kjem fram frå gøymestadene sine.  Små rustne  knivar i den store togna i naturen. Også den halvt oppetne museskrotten på dørstokken fortel noko om det å vere menneske.

Kim Il-sung og journalistene: Syvende runde!

Kim Il-sung: Svar på spørsmål fra utenlandske journalister Vennskapsforeningen Norge - Korea, 1975 Vi er kommet til syvende runde av Den store leder Kim Il-sung s visdomsord til utenlandske journalister. Denne gangen er det Taha al-Basri fra Irak og egypteren Abdel Hamid Ahmed Hamrouche som får ta del i Kims visdom om sosialismens fremganger i Korea og verden. Begge disse «intervjuene» er datert 1. juli 1969, altså fire år etter de forrige  «Intervjuet» til al-Basri handler for en stor del om ting som har vært behandlet tidligere i denne boken. Det handler om hvordan de fascistiske USA-imperialistene og deres quislinglakeier i Seoul undertrykker det koreanske folket og står i veien gjenforening av Korea. Kim besvarer også et spørsmål om sitt syn på de arabiske folkenes kamp for å frigjøre palestinerne fra sionisme og imperialisme. Kim kan forsikre om at ikke bare han, men hele det koreanske folket støtter de arabiske folkenes kamp mot USA-imperialistene og de israelske aggre...

Rørsle

Skuggane strekkjer seg mot aust. Krigsropa stilnar og døyr. Ein straum av insektmenneske kjem fram frå mørkret og tek til å byggje berg av livlause kroppar. Også her er det rørsle. Også her vert noko til. Foto: Nicéphore Niepce

Neste dag

Neste dag sitter du sorgløst henslengt på en av byens kaféer og snakker uanstrengt om gårsdagens hendelser. Øynene dine forteller en annen historie. Jeg er imidlertid mer interessert i musikaliteten i diksjonen din. Hvert ord vibrerer på frekvenser jeg bare tør drømme om i svale netter opplyst av stjerner som en gang ledet fønikerne over Middelhavet, og mine forfedre til Bretagnes kyst. Hypotetiske bølger under kjernefysiske øyne som aldri blunker.

Utanfrå

Han låg og sprella på golvet i ein pøl med tjuktflytande mørkeblå væske eg ikkje klarte å identifisere. Det var som rørslene hans ikkje kom frå kroppen sjølv, men frå noko utanfrå. Eg såg på han lenge, tenkte på korleis han hadde endt opp nett der. Rommet var kaldt, døra var låst, og det var ein kjent sak at rottene hadde teke over denne delen av huset for lenge sidan. Sjølv om eg ikkje kunne sjå nokon, høyrde eg raslinga frå dei aldri kvilande dyra i veggane. Så la eg merke til det: Ut av det eine auget hans, det som var heilt raudt, kraup ein feit, gråkvit mark. Då heile kroppen var ute, sette han opp farta og fór over panna til mannen og opp i det fuktige håret. Eg tenkte at han måtte ha vore inne i kroppen hans lenge, så diger han hadde vorte. Eg la meg ned, rulla meg rundt og lét vibrasjonane i golvet trenge gjennom kroppen min. Eg var nøgd. Illustrasjon: Wikimedia Commons

Fråsegn

[Eit talande subjekt formulerer (ja, formulerer):] Og høyrer du meg snakke, er orda mine mest som metallisk slim som trenger seg fram gjennom alle opningar og fyller eitivart hulrom. Substanslaust, formlaust, målretta - aldri i ro. Eg snakkar ikkje om livet, men om vegane ut av det. Og om det seige stoffet som bind oss saman.  Illustrasjon: Pieter Brueghel den eldre

(Som tidligere nevnt:)

Timer spinner gjennom et nettverk av øyeblikk. Etterlater deg i en tilstand av råte under treet i hvis lindrende skygge du ble stående og stirre på trafikken som smøg seg forbi som en listig skilpadde en brennende het forsommerdag for tre og tredve år siden. Det var her du lærte tiden å kjenne. Illustrasjon: Fra «China illustrata» av Athanasius Kircher.

Maskiner i bevegelse

Den tilsmussede jakken på bordet vitner om sin skamløse eiers usedvanlig slette moral, og det er dette jeg tenker på nå mens solen går ned og jeg gjør meg klar for å spasere hjem til leiligheten jeg for tiden disponerer (og som eksisterer i en vedvarende tilstand av forfall i byen som omtales som Norges hovedstad). Lyden av maskiner i bevegelse og lukten av ekorn. Her begynner fremtiden.

Tekeli-li

Eg smakar avgrunnsauga dine og gøymer minnet om stemmen din i songane eg syng  foran menneskemengdene eg registrerer som naturfenomen, som fargen på graset eller forma til regndråpene som legg seg tunge i håret mitt og samlar seg i augebryna før dei renn nedover andletet. Eg veit kva hausten skjuler. (Tekeli-li.) Eg veit kor du går når svevnen støyter deg vekk, og kroppen - kroppen - din gløymer alt kva han har visst om kvile, og avgrunnen openberrer seg i auga dine. (Tekeli-li.) Eg veit korleis (bzzxtrrr tssssp) jarndraumen stengjer deg inne kvar einaste natt. Korleis (bzzxtrrr tssssp) blystemmene frå naboleilegheita trekk deg ned i den mjuke varmen du halvt hugsar, men ikkje kan setje ord på. (krrtkrrtkrrt) Tekeli-li. Illustrasjon: Louis Ferstadt

Triptykon X

Man soll sie zerschmeißen, würgen, stechen, heimlich und öffentlich, wer da kann, wie man einen tollen Hund erschlagen muss. 1. Ei overflate, glatt som ein spegel, etterlet eg meg. Der kan du finne deg sjølv, for alt ved meg, alt eg kjende, vil vere borte. Alt ved verda er likegyldig for ein som ikkje er her meir. Kvart blikk, kvar rørsle, kvart ord - alt saman som stein på havbotnen på andre sida av jorda. Om eg hadde kunne, ville eg ha stilla havet også, omdanna det til ei stille, blank overflate, nett som eg har vore, og som eg etterlet.  2. Ukjende tonar sig inn frå nabohuset. Han har visst kjøpt eit nytt instrument. Det læt som eit strengeinstrument, men og som ein messingblåsar, du veit ein slik som vert brukt for å oppildne soldatar til å slakte ned fienden på slagmarkene i aust. Men stundom læt det òg som eit lett snorkande småbarn. Eg tek meg sjølv i tenkje på framtida og dei teknologiske framskritta som ventar der. Eg ber på ei von om at me ein gong kan...

Ewige Wiederkunft

Et reisverk av porøse metaforer (ment for en tid som var forespeilet å komme, men som forble en evig potensialitet,) kan skimtes bak en dis av semantisk råte på veggene her hvor Mennesket er nærmest naturen. Her (hvor sjelen i en vedvarende tilstand av olfaktorisk ekstase (og uten blyghet) går til grunne og gjenreises igjen og igjen) projiseres et kollektivt prosjekt med ukjent (for ikke å si unevnelig) opphav på gråhvite treplater, som i sin fysiske form gang på gang utslettes av den gråhvite glemselen som en Ewige Wiederkunft. Illustrasjon: William Etty

På lag med naturen

Manuskriptets bleke bokstaver avgrenser ideene mot den hvite støyen som omslutter tanken. Papirets tekstur kjæler lekent med en finger som vet hvor den skal på dette legemliggjorte resonnementet av fiber og blekk. Og i en boble av lys fra en elektrisk sol puster ordene liv i halvglemte drømmer og fortrengte forestillinger og materialiserer dem i form av flate figurer ordnet i rekker på en overflate som sakte går oppløsning. [q24-9-r2K] (Illustrasjon: Bob Bugg)

The Sexistential Angst of the Frivolous Gamma-Pigs

Kjøtet heng i strimlar frå sprinklane i taket, golvet er dekka av brune flekkar som ser ut til å ete seg inn i betongen, og eg seier det er godt. Frå eit vindauge høgt oppe på veggen kan ein høyre opphissa røyster og høgfrekvente metallskrik mot eit bakteppe av fjernsynsstøy og barnegråt. Dei mørkegrøne veggane er udekorterte, men på den store, tunge metalldøra er det klistra ein lapp der det står: WOVON MAN NICHT SPRECHEN KANN, DARÜBER MUSS MAN SCHWEIGEN. Benken som står inntil kortveggen, er dekt av eit teppe med ukjend farge og framandarta lukt og tekstur. Ljospæra i taket er nypussa. 

Eg er kviskringa i vintervêret

Eg er kviskringa i vintervêret. Eg er gravsteinsorda som blæs forbi og minnar deg om det som ligg mellom augeblinka, mellom no og no. Eg skal ta nye former, smelte med isen og gjere plass til krittdiagram når tida kjem. Her skal eg leie ungjenter til dans med skuggepartnarar, dressere kroppane deira, leggje draumane deira i lenker og gjere dei til menneskemaskinar. Eg er ei hildring på trommehinna, eit løynd tungemål, eit isbilete i på hjernebarken.

Kalkulatormannen

I dag kalkulerer han svaret. Andletet hans ber vitne om ei verd av ukjende sorger. Fliret er ei skorpe på ei såra sjel som reknar ut smerte i løynde nattetimar. Koagulerte kjensler som dekkjer talrekker i disharmoni og held tårene på ei armlengdes avstand, sjølv under tyngda av sakn som knapt kan berast. Kva verdi har eit menneskehjarte? Når er livet verdfullast? Kalkulatormannen veit. [ 01101011 ] Illustrasjon: Mike Grell og Bob Rozakis

Entäusserung - 45Bq

Lagnaden ligg som eit isdekke over augneblinken. Reflekterer ljoset frå fortida og minnar om at ting går den rette vegen. Ein gamal mann med plutoniumsande kviskrar meg unemnelege udådar i øyret, og eg lyttar fascinert der eg skrir fram gjennom tidskorridoren eg er tilmålt denne dagen, denne staden. Sekunda det tek å strupe ein olding, glid ut og blandar seg med åra som gjekk og åra som kjem. Tida er eit råtnande kadaver, staden er grava som aldri vart opna.

Mysteriet

[simulacrum: ext.] En Draabe Saltvann paa dit Bryst, en Barnaal i dit Haar. Saaledes tvinger Naturen sin tyste Ordstrøm over oss, der vi ligger som nøgne Børn, forsvarsløse og foruden Sprog, paa en Strime af Land ude ved Kysten. Jeg lar Fingeren glide over din kødtfulde Korpulens medens jeg søger paa Horisonten efter Spor af Menneskeaand, slik den manifesterer sig paa Grændsen mellem Himmel og Havdyb. Men Bliket mit er lukket og askefuldt, og mine Taarer andtænder Andsigtsmasken jeg bærer og vil komme til at bære til min sidste Dag. Heri ligger Mysteriet.

I ain't got time to bleed

Ringar i vatn, kyrkjeklokker mot ein mur av januarnatt og tida det tek å døy. Eg er eit rykte som avkreftar seg sjølv kvar gong det finn rom i løynde konversasjonar. Eg er vinden som kjærteiknar fjellveggane i regnskuggen. Eg er dropa som aldri treffer bakken. Eg har ikkje tid til å blø.

Eg trur det er best om vi ventar

Que el cielo exista, aunque mi lugar sea el infierno. Stoppar ved ein formlaus struktur truleg planlagt i affekt og avslutta i iskald anger. Avfall etter kvardagslege løynde gjeremål ligg som ein vissen krans rundt eit kompleks av fashion og marmor. Leivningar etter ei ukjent tid, blodvitne for ei ny sanning. Omgrepa står som eldgamle, nakne tre i surna jordsmonn, drikk sol frå skumringa, gøymer dei nedste greinene i eit evig mørkre, dag som natt. Uartikulerte stønn som ljomar i jord, syng i berg. Der dei skrivne lovene ikkje rekk inn, formar hugen sine eigne spor. Djupe riss som peikar framover og bakover, bit seg kanhende i halen ein stad langt der inne. Riss som fritek og frigjer, som bind og blender. Eg trur det er best om vi ventar. (Illustrasjon: Charles Nicholas)