I dag kalkulerer han svaret. Andletet hans ber vitne om ei verd av ukjende sorger. Fliret er ei skorpe på ei såra sjel som reknar ut smerte i løynde nattetimar. Koagulerte kjensler som dekkjer talrekker i disharmoni og held tårene på ei armlengdes avstand, sjølv under tyngda av sakn som knapt kan berast. Kva verdi har eit menneskehjarte? Når er livet verdfullast? Kalkulatormannen veit. [01101011]
Illustrasjon: Mike Grell og Bob Rozakis

Kommentarer
Legg inn en kommentar