Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra april, 2016

Walter Ulbricht - ungdommens venn

Walter Ulbricht holder en tale under en Jugendweihe -seremoni i 1957. Jugendweihe var en seremoni som skulle erstatte den kristelige konfirmasjon i det statsateistiske DDR. Ulbricht var en begavet taler, og det skulle ikke forundre meg om mange av tilhørerne her gikk hjem med forfrisket moral og betydelig dypere innsikt i den dialektiske materialismes mysterier. 

Når borna græt

Powerballaden var ei av dei mest særmerkte musikalske uttryksformene innan tungrocksjangeren på 1980-talet. Dei ga dei elles så hardtslåande banda eit høve til å vise seg frå ei mjukare, meir emosjonelt ladd side. På overflata skil White Lions "When the Children Cry" seg ikkje særleg frå dei typiske powerballadane, i alle fall ikkje musikalsk. Songen fylgjer ein ganske standard mal når det gjeld komposisjon og arrangement. Men teksten er noko radikalt anna. Her har me nemleg å gjere med ein song som postulerer eit ganske aparte syn på statsmakt og religion. Ja, ein kan seie at dette er ein songtekst som står med både beina godt planta i den kristenanarkistiske tradisjonen. Det er tydeleg at gutane i White Lion kjenner sin Tolstoj, for her går det politiske og det sakrale opp i ei høgare sameining.  Teksten er ein monolog retta mot lite barn som er tildelt eit oppdrag av verdshistoriske dimensjonar. "Du må vise veg / til ein betre dag / For du vart fødd / for at heil

Ditt eige hovud skal øydeleggjast

Eg likar å lese skodespel. Lite tekst gjer at dei er fort gjort å kome seg gjennom, og ein slepper å måtte li seg gjennom den plumpe humoren og dei lange pausene som ofte pregar teaterframsyningar. OK, dei trykte orda rører kan hende ikkje kjenslene så sterkt som ei god sceneoppsetjing kan, men replikkane er naknare og meir opne for refleksjon når dei vart lesne enn når dei vert fortolka av eit teaterensemble. Eg har lese ein del Jon Fosse i det siste.  Nokon kjem til å komme   har eg allereie skrive om .  Draum om hausten  er eit knakande godt stykke om kjærleik og død. Det har ein litt uortodoks oppbygnad, der ulike scener glir over i kvarandre trass i stor avstand i tid. Historia har eit godt driv, og med dei kunstferdige replikkane gjev Fosse hovudpersonane sine eit ferniss av levd liv og psykologisk dybde, sjølv om dei eigenleg er ganske banale elskarar i ei banal verd.  Og aldri skal vi skiljast  er eit ganske keisamt stykke om lengsel og einsemd. Hovudpersonen, ei let