Gå til hovedinnhold

Ditt eige hovud skal øydeleggjast


Eg likar å lese skodespel. Lite tekst gjer at dei er fort gjort å kome seg gjennom, og ein slepper å måtte li seg gjennom den plumpe humoren og dei lange pausene som ofte pregar teaterframsyningar. OK, dei trykte orda rører kan hende ikkje kjenslene så sterkt som ei god sceneoppsetjing kan, men replikkane er naknare og meir opne for refleksjon når dei vart lesne enn når dei vert fortolka av eit teaterensemble.

Eg har lese ein del Jon Fosse i det siste. Nokon kjem til å komme har eg allereie skrive omDraum om hausten er eit knakande godt stykke om kjærleik og død. Det har ein litt uortodoks oppbygnad, der ulike scener glir over i kvarandre trass i stor avstand i tid. Historia har eit godt driv, og med dei kunstferdige replikkane gjev Fosse hovudpersonane sine eit ferniss av levd liv og psykologisk dybde, sjølv om dei eigenleg er ganske banale elskarar i ei banal verd. 

Og aldri skal vi skiljast er eit ganske keisamt stykke om lengsel og einsemd. Hovudpersonen, ei lett forskrudd kvinne som saknar eksen, er ein pannekakeflat karikatur som er like uinteressant i slutten av stykket som i starten. Det er sikkert moro og utfordrande for den heldige utvalde å spele hovudrolla på scena, men du kjem ikkje til å sjå meg på benkeradene. Då sit eg heller inne og les...

...Namnet. Dette skodespelet handlar om ei svanger ungjente og guten hennar som oppsøkjer den dysfunksjonelle familien til jenta for å få husvere. Mykje er usagt om forholdet mellom dei og situasjonen dei har hamna i, og lite av substans vert sagt i stykket. Personane snakkar til kvarandre som papegøyar. Når dei seier noko, er det for å seie noko, helst ein variant av noko dei har sagt før. Her handlar det om overflatiske menneske som ikkje klarar å kommunisere, som snakkar forbi kvarandre, eller rett og slett ikkje er intereresserte i å prate med kvarandre. Dette eit realistisk stykke utan dei draumeaktige sekvensane ein finn i dei andre to skodespela. Og replikkane er meir kvardagslege, utan den allegoriske klangbotnen ein finn i t. d. Nokon kjem til å komme (som jo også er ein representant for Fosse-realismen).

Det siste skodespelet vi tek i denne omgangen, er Og natta syng sine songar. Det handlar om eit nybakt foreldrepar i eit forhald som skrantar. Ho er utadvent og elskhugssjuk, han er ein innadvent og talentlaus forfattarspire. Gjennom det halve døgeret handlinga utspelar seg over vert løyndomer avslørt og masker kasta. Her finst parallellar til både Hedda Gabler og Et dukkehjem, men fyrst og fremst er det eit realistisk drama som treff hjarterota på vondest moglege måte. Check it out!

Würmstuggu ynskjer lesarane sine ein god kveld og eit lang liv med kjærleik, pengar og alt det andre ein treng for eit godt liv i Det norske riket.

Illustrasjonar: Fletcher Hanks

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Varg Vikernes har ordet

  BOKOMTALE AV ESPEN D To Hell And Back Again Varg Vikernes 2025 I dag forbinder de fleste hardrock med koselige skallede bamser med skjegg og tatoveringer. Men hvis vi går tilbake til det tidlige 90-tallet, var det annerledes. Da var hardrockerne farlige, og den farligste av dem alle var Varg Vikernes aka Greven.  I 1994 ble han dømt for overlagt drap og flere kirkebranner. 31 år senere har Vikernes satt seg ned og skrevet sine memoarer. Akkurat slik musikeren Vikernes gjorde alt selv med enmannsbandet sitt Burzum, har han også gjort alt selv med denne boken. Skrevet selv, lest korrektur selv, ikke alltid med like stort hell, og gitt ut boken selv. Det har blitt en koloss av en bok med sine nesten 700 sider. Opprinnelig er boken skrevet som fem forskjellige bøker, men i år er altså alle bøkene samlet og gitt ut til den hyggelige prisen av 300 kroner. De fem delene er 1: «My Black Metal Story» der Vikernes skriver om hvordan han begynte med metall-musikk og hvordan kretse...

20 spådommer for 2025

  Akkurat som i fjor har vi tatt i bruk våre klarsynte evner og skuet inn i krystallkulen for å se hva den kan fortelle oss om det kommende året. Her er våre spådommer for 2025: 1. Sykefraværet i Norge går ned. 2. Donald Trump forbyr all politisk opposisjon og oppløser kongressen på ubestemt tid. 3. Ukraina vinner en overbevisende seier over Russland og gjenoppretter sine gamle grenser. (Med forbehold om at det kan skje allerede før nyttår.) 4. Arbeiderpartiet blir landets største parti i stortingsvalget i september, og den populære partilederen Jonas Gahr Støre fortsetter som statsminister.  5. Det norske langrennslandslaget møter uventet sterk konkurranse i verdenscup og VM. 6. Dagbladet publiserer ikke en eneste nakenspa-reportasje. 7. Offentlig pengebruk går ned i Norge. 8. En rekke øygrupper i Asia og Oseania blir ubeboelige etter at isen på Nordpolen smelter. 9. Det blir fred i Midtøsten.  10. Etter valget i oktober får Elfenbenskysten sin førs...

Bokomtale: Nettforgiftning

  Nettforgiftning Siw Aduvill og Didrik Søderlind Humanist Forlag, 2025 De siste årene har Würmstuggu skrevet en god del om fenomenet woke. Denne våren har vi publisert anmeldelser av to ferske bøker som tar opp temaet med en dybde vi sjelden ser i det offentlige ordskiftet, Wokeisme av Lars Erik Gjerde og Kateterprofetenes opprør av Andreas Hardhaug Olsen. Og i fjor sommer skrev vi om Frank Rossaviks De korrekte fra 2022. Nå er tiden kommet for å ta opp en bok som ser saken fra motsatt synsvinkel. I våres kom boken Nettforgiftning av Siw Aduvill og Didrik Søderlind. Boken, som har undertittelen Å miste noen til radikalisering og konspirasjonsteorier, har en helt annen tilnærming til stoffet og handler for så vidt ikke bare om woke i streng forstand, men også tilstøtende saksområder som klimapolitikk og håndtering av covid-pandemien. Didrik Søderlind er trolig en kjent skikkelse for de fleste av Würmstuggus lesere. Han arbeider som rådgiver for den statsfinansierte ateis...