Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg med etiketten Nakensymjing om hausten

Nakensymjing om hausten: Demiurgiske samtalar under morgonsola (del 7)

Sju. (Vaxos og Maron er i eit ørkenaktig landskap utan vegetasjon. Vaxos har på seg ein tyrolarhatt, Maron har bowlerhatt. På kvar side sit ei kvinne med skrivemaskin. Før kvar replikk hamrar dei laus på maskinen for å illudere at dei skriv stykket mens det vart framsynt. Inntil ein stor stein står ein gitar. Sola er i ferd med å gå ned.) Maron.   Når eg ser rundt meg, ser eg berre stein. Stein, stein, stein. Ikkje noko vatn. Ingen vokstrar. Knapt eit menneske. Og på himmelen berre sola. Kan noko leve her? Vaxos. Kan du sjå noko levande? Maron. (Granskar omgjevnadane.)  Nei. Vaxos. Her var det bekkar, elver, innsjøar ein gong. Små skogholt der insekt summa og kravla på alle tilgjengelege overflater. Ein gong. Eller ei tenkt fortid. Kva veit eg? Maron. Vatn, Vaxos! Vatnet vekker i meg minne og attrå, Vaxos. Det du ser, er berre eit uttørka skinn av den eg eigentleg er. Førsteelskaren, klavervirtuosen, talaren, atleten. Hugsar du i...

Nakensymjing om hausten: Demiurgiske samtalar under morgonsola (del 6)

Seks. Maron og Vaxos foran ei gamal eik. Sjølv om det ikkje er vinter, er treet utan lauv. Vaxon. (står med ei grein i handa) Denne greina er ikkje lenger ein del av treet. Maron.   Nei, men ein gong var ho det. Ho bar lauv som ei mor ber born.  Vaxos. No er ho naken.  Maron. Om eg hugsar rett, har ikkje dette treet bore lauv på mange år. Det må vere gamalt. Eller sjukt. Får eg sjå? Vaxos. (rekker Maron greina)  Her. Maron. Ja, sjå her. Dette kvite er ein sopp som sakte drep treet. Fyrst dei øvste greinene, sidan dei lågare. Til slutt stammen.  (studerer greina lenge) Sjå her. Vaxos. Kva? Maron. Ein mark. (fører marken mot munnen) Vaxos. Kva er det du gjer, Maron? (Maron et marken) Vaxos. Sei meg, kvifor et du marken, Maron? Når eg let at auga ser eg for meg at verda er eit skodespel, og at me alle er skodespelarar. Marken òg. Sjå på denne scena. Er det ikkje nok...

Nakensymjing om hausten: Demiurgiske samtalar under morgonsola (del 5)

Fem. Ved eit vatn. Jorda er skrinn, så det er berre låge buskar og kratt. Sola er i ferd med å stå opp. Eit bål. Klede, verktøy papir ligg utover. Fuglekvitter. Av og til måkeskrik. Maron er naken. Vaxos er påkledd. Vaxos. Jo nærare eg kjem slutten, jo klarare vert byrjinga. Eg veit at eg er ein annan no, men eg veit betre kven eg var. Eg drøymde ikkje då. Maron. For du kunne ikkje sove. Vaxos. Nei, i barndomen søv ein ikkje. Ein er berre vaken i varierande grad. Alle sansar er med, og tankemønsteret endrar seg slett ikkje, sjølv om ein held auga igjen heile natta. Ein drøymer ikkje. Maron. Ein drøymer ikkje. Vaxos. Då eg kom hit til denne staden, var det med visse om at her skulle eg sanse, arbeide, sove. Her skulle eg leggje bak meg restane frå i går. Bli eit fritt menneske, avkledd, reint. Eg skulle dyrke hygienen og dei gode orda. Maron. Ei kvinne som ber vatn forbi her kvar morgon fortalde meg at ho hadde sett deg før. V...

Nakensymjing om hausten: Demiurgiske samtalar under morgonsola (del 4)

Fire Maron og Vaxos sit ved ein stor stein i utkanten av ein skog. Lett fuglekvitter. Maron . Dei samstemte tonene frå skogen no i skumringa minnar meg om larmen frå byen eg forlét i vanære ein gong for ein menneskealder sidan. Vaxos . Kvifor drog du, Maron? Kva ære har du nokon gong bore byrda av? Maron . Ein gong var eg, som deg, ein mann av vyrdnad. Orda mine vart høyrde av folk som kjende meg berre av namnet. Men eg sveik både æra og namnet. Til slutt enda eg opp her ute. Her mellom kornåker og ørkensand.  Vaxos . Eg skal ikkje døme deg, menneske. Eg saknar berre større medvit i det du seier.  Maron . Medvit ligg i alt eg seier - kvart ord, kvar lyd. Heimsøkjer alt eg gjer. Legg band på kjenslelivet. Men eg høyrer til ei anna verd... Vaxos . Ei anna verd... der menneska kan kvile. Og sove, drøyme. Draumen! Ei botnlaust, klar og iskald kjelde der språket slumrar.  Maron . Eg drøymer ikkje lenger. El...