Fire
Maron og Vaxos sit ved ein stor stein i utkanten av ein skog. Lett fuglekvitter.
Maron.
Dei samstemte tonene frå skogen no i skumringa minnar meg om larmen frå byen eg forlét i vanære ein gong for ein menneskealder sidan.
Vaxos.
Kvifor drog du, Maron? Kva ære har du nokon gong bore byrda av?
Maron.
Ein gong var eg, som deg, ein mann av vyrdnad. Orda mine vart høyrde av folk som kjende meg berre av namnet. Men eg sveik både æra og namnet. Til slutt enda eg opp her ute. Her mellom kornåker og ørkensand.
Vaxos.
Eg skal ikkje døme deg, menneske. Eg saknar berre større medvit i det du seier.
Maron.
Medvit ligg i alt eg seier - kvart ord, kvar lyd. Heimsøkjer alt eg gjer. Legg band på kjenslelivet. Men eg høyrer til ei anna verd...
Vaxos.
Ei anna verd... der menneska kan kvile. Og sove, drøyme. Draumen! Ei botnlaust, klar og iskald kjelde der språket slumrar.
Maron.
Eg drøymer ikkje lenger. Eller... eg hugsar ikke draumane i alle fall. Dei er neppe noko å samle på no.
Vaxos.
Ikkje ver så sikker på det. Ein dag kjem draumane attende, og gjer deg til slave. Eg har sett det mange gongar. Ja. Draumen kan også slavebinde.
Maron.
Same kan det vere. Eg vil vere fri. Eg vil puste under vårsola. Kjenne graset under føtene.
Vaxos.
Eg tenkjer av og til at inst i sjela er det ein kjøtfull kjerne, massiv, hard, og tung som bly, men nesten utan masse - og utan ljos. Eit ekko av uraugeblikket.
Maron.
Ha! Eg vil ikkje bere på eit svart hol i sjela. Eg vil vere naken i vatnet.
Vaxos.
Held du deg lenge nok i vatnet, vil du råtne. Du endar opp som ein vasstrukken tømmerstokk som ikkje ein gong marken vil ete av.
Maron.
Eg vil ikkje ha noko uraugeblikk. Eg vil ha framtida hengande over skuldra. Ho skal vere min muse.
(Fuglekvitter, høgare og høgare)
Maron.
Dei er redde.
Vaxos.
Dei kjenner einsemda. Dei er redde.
Maron.
Eg er redd.
(Fuglekvitter, lågare og lågare. Stilt)
Illustrasjon: Albrecht Dürer
Kommentarer
Legg inn en kommentar