Is-slottet del 2, kapittel 4-9
Würmstuggu held fram med lesinga av «Is-slottet» av Tarjei Vesaas.
Unn er framleis borte. Det verkar som ho faktisk er død. Siss ligg sjuk ei veke etter å ha vore med på søket etter venninna. Når ho kjem til hektene att, er ho ei ei forandra jente. Ho vert meir stille og ettertenksom. Ho er ikkje lenger den aktive leiaren i skulegarden, men inntek heller observeratørrolla som Unn har hadde. Det siste møtet deira kvernar framleis rundt i hovudet hennar, og ho nektar plent å seie til nokon kva som skjedde der. Medan Unn liksom vert viska ut i folks medvit og i naturen - snøen fell og fell og viskar ut alle spor - får ho ei stadig sterkare plass i Siss’ tankar. Ho vert nærast levande i hugen hennar, og lovnaden om aldri å fortelje nokon om løyndomen som bind dei saman, vert ei heilag fordring og samstundes eit bilete på von om at ho kanskje framleis er i live.
Sjølv om Unn berre budde i bygda i eit halvt år, og knappast vart kjend med nokon, er ho no det som heile livet til Siss dreier seg om. Ho er eit fantom, synleg berre for Siss. For resten av bygda er ho usynleg, berre eit skuldertrekk, «jenta som forsvann».
Språkleg vekslar Vesaas her mellom nøkternt skildrande passasjer og meir direkte tankereferat. Det er også eit kapittel om moster til Unn, der det er uråd å sjå om det er tankane og kjenslene til moster me les, eller om det er eit slags universell poetisk medvit som snakkar til lesaren.
Dette er nokre melankolske kapittel med lite ytre handling. Eg synest godt me kunne vore spara for den løyndomsfulle poetiseringa og heller fått nokon oppklarande dialogar. Her handlar det om show, don’t tell. Vesaas har ei uvane med å utelate «og» når han bind saman verb. Det er kan hende noko han har henta frå dialekta si, men det er utruleg irriterande, og det gjer lesinga mindre smooth.
Følg med vidare! Eg anar ikkje kva som hender på side 131 enno. Men det gjer kan hende du?
Kommentarer
Legg inn en kommentar