Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg med etiketten Ølstuggu

Ølstuggu: St. Bernardus Christmas

Me har smakt på ein St. Bernardus Christmas . Dette er eit øl frå Watou i Belgia. Etiketten viser ein munter munk med nisselue på hovudet og eit ølglas i handa. Men, kjære lesar, om du drikk for mykje av dette ølet, vert du truleg ikkje særleg munter. For her snakkar me om seriøs rusgift. Maron: Dette ølet syntest eg smakte som overmogme sviskar og rote kjøt. Eg likte det ikkje.     Vaxos: Eg likte ølet godt. Og fargen var jo mørk og fin. Kan hende det kunne vore litt mindre søtt. Også er det jo litt i sterkaste laget.  Ser på etiketten. Grøssar. Jøje meg! Det held jo heile 10 %! Men Maron, kjem du til å kjøpe dette juleølet neste år, trur du? Maron: Nei, sjølvsagt ikkje. Vaxos: Då trur eg eg kjøper ei flaske. Kor: Dei er ikkje samde. Kva gjer vel det? Kva gjer det vel om land ligg aude og elvar renn med blod når øl er øl. Me seier: elvar renn med blod når øl er øl.

Ølstuggu: Sanseleg oktober

Løkka IPA Grünerløkka Brygghus Alkoholinnhald: 7 % På Grünerløkka Brygghus har me vore mange gongar. At dei har mykje godt å slukke tørsten med , er noko dei fleste som har vore der, veit. Men for mange har det vore eit problem at serveringsstaden ofte har andre gjestar. Men ølet til Brygghuset kan kjøpast på det statlege vinutsalet, så for dei som føretrekker å drikke åleine, er det altså mogleg å nyte produkta til den trivelege puben heime. Me har smakt på Løkka IPA . Maron : Denne ølen lukta søtleg. Eg kjente ein eim av mynte og bygg. Men han smakte heilt forferdeleg. Smaken minte meg om Zalo.  Vaxos: Dette ølet lukta friskt. Smaken var herleg. Fruktig, frisk og bitter, med ein perfekt balanse mellom dei ulike smakane. Ølet smakar faktisk enda betre enn det luktar. Dette kunne eg drikke ganske mykje av, om det ikkje hadde vore så sterkt. Hadde nok vore perfekt på ein varm sumardag. Maron: Eg har noko eg må medgi. Eg er forkjøla, så smaksaukane mine er ...

Ølstuggu: Av Hugverk mødd og sjuk av Auk og Otte

St. Bernardus Abt 12 Innhald: Vatn, bygg, malt, sukker, humle, gjær.  Flaskegjæra. Alkoholinnhald: 10 % Watou, Belgia PROLOG Når det gjeld øl, er eg korkje feinschmecker eller ekspert, men eg set pris på noko anna en pils ein gong i blant. Gjerne noko sterkt med mykje smak. Då vert det ofte klosterøl frå Belgia. I dag skal eg smake på St. Bernardus Abt 12 . Eg skal medgje at eg ikkje anar kva 12-talet står for, men dette er i alle høve eit ganske sterkt, belgisk øl med opphav i den cisterciensiske øltradisjonen. VURDERING Ølet har ein ganske mørk brunfarge, og det held på skummet ganske lenge etter at det er blit helt oppi glaset. Smaken er søtleg og minnar litt om marsipan. Ølet har eit alkoholinnhald på 10 %, og det kjennest godt når ein svelger og kjenner det sterke brygget kome i kontakt med dei indre organa. Eg synest nok ikkje dette er det beste klosterølet eg har smaka, men det er heilt klart eit velsmakande brygg. Men det er ikkje noko eg vill...

Ølstuggu: Nakensmaking om hausten. Ein epilog.

Me har fått tak i øl frå bergstaden Røros! Etter at kobberverket la ned drifta i 1977, har byen tydelegvis slått seg på ølbrygging, for Røros bryggeri skal visst ha eit ganske bra utval av produkt ifylgje kjeldene våre. Her er ei vurdering av Røros bryggeris Isle of IPA . Ølet held 4,7 % alkohol.  Maron: Dette ølet tykte eg hadde ei fin lukt av honning og blomar. Det fekk meg til å vilje smake på brygget. Smaken var overraskande bitter og hadde humle- og grapefruktpreg. Eg hadde ikkje drukke meir enn ein boks. Poengsum: 39/100 Vaxos: Eg likte den friske lukta. Ølet både såg innbjudande ut og og lukta friskt og godt, og eg skal medgje at eg ikkje var skuffa då eg fekk kjenne på smaken. Frisk, sitrusaktig, bitter. Perfekt for ein varm sumardag! Eg ville ha drukke to boksar, men truleg ikkje meir. Poengsum: 71/100. No skal me drikke meir. Skål