St. Bernardus Abt 12
Innhald: Vatn, bygg, malt, sukker, humle, gjær.
Flaskegjæra.
Alkoholinnhald: 10 %
Watou, Belgia
PROLOG
Når det gjeld øl, er eg korkje feinschmecker eller ekspert, men eg set pris på noko anna en pils ein gong i blant. Gjerne noko sterkt med mykje smak. Då vert det ofte klosterøl frå Belgia. I dag skal eg smake på St. Bernardus Abt 12. Eg skal medgje at eg ikkje anar kva 12-talet står for, men dette er i alle høve eit ganske sterkt, belgisk øl med opphav i den cisterciensiske øltradisjonen.
VURDERING
Ølet har ein ganske mørk brunfarge, og det held på skummet ganske lenge etter at det er blit helt oppi glaset. Smaken er søtleg og minnar litt om marsipan. Ølet har eit alkoholinnhald på 10 %, og det kjennest godt når ein svelger og kjenner det sterke brygget kome i kontakt med dei indre organa. Eg synest nok ikkje dette er det beste klosterølet eg har smaka, men det er heilt klart eit velsmakande brygg. Men det er ikkje noko eg ville ha drukke meir enn ei flaske av, sånn på rappen. Til det er det for sterkt og for intenst på smak. Desse klerikale sterkøltypane er best egna for sakte konsumpsjon, helst sitjande eller liggande på eit mjukt møbel, til dømes ein sofa.
OG REDUSERT TIL EIT TAL:
Karakter: 84/100
Kommentarer
Legg inn en kommentar