Gå til hovedinnhold

Nakensymjing om hausten: Demiurgiske samtalar under morgonsola (del 6)


Seks.

Maron og Vaxos foran ei gamal eik. Sjølv om det ikkje er vinter, er treet utan lauv.

Vaxon. (står med ei grein i handa)

Denne greina er ikkje lenger ein del av treet.

Maron. 

Nei, men ein gong var ho det. Ho bar lauv som ei mor ber born. 

Vaxos.

No er ho naken. 

Maron.

Om eg hugsar rett, har ikkje dette treet bore lauv på mange år. Det må vere gamalt. Eller sjukt. Får eg sjå?

Vaxos. (rekker Maron greina) 

Her.

Maron.

Ja, sjå her. Dette kvite er ein sopp som sakte drep treet. Fyrst dei øvste greinene, sidan dei lågare. Til slutt stammen. 

(studerer greina lenge)

Sjå her.

Vaxos.

Kva?

Maron.

Ein mark.

(fører marken mot munnen)

Vaxos.

Kva er det du gjer, Maron?

(Maron et marken)

Vaxos.

Sei meg, kvifor et du marken, Maron? Når eg let at auga ser eg for meg at verda er eit skodespel, og at me alle er skodespelarar. Marken òg. Sjå på denne scena. Er det ikkje noko kunstig over alt du ser her? (peikar) Eg synest det er som om alt berre er ein kopi av seg sjølv.

Maron.

Kan hende verda er ein kopi, men ho er også alt me har. Kven veit kor homkjem frå? Kven er du? Ein skugge?

Vaxos.

I går såg eg ein kingel som åt ei fluge. Fluga måtte ha hange fast i kingelveven lenge, for ho hadde mista all vilje til å leve. Det var som ho såg på døden med lengsel og håp. Eg undrast kva eg er, ein kingel eller ei fluge?

Maron.

Som ung var eg ei fluge. Eg flaug dit merksemda drog meg. Eg var rask og svolten på livet, og ottastst knapt noko under sola. No er eg kingelen som ventar... og ventar...

Vaxos.

Eg tenkte på fluga heile dagen. Kva om eg endar som ho? Set eg meg fast i noko eg ikkje kjem bort frå snart?

Maron.

Ja?

Vaxos.

Eg meiner - set eg meg fast i noko eg trur eg kan kontrollere. Set eg meg fast, og går til grunne? Er eg i ferd med å gå til grunne? Maron, hald meg!

Maron. (omfamnar Vaxos)

Du går ikkje til grunne, Vaxos. 

Vaxos.

Nokre gongar kjenst det som eg er eit ekko. Ein gjenklang av noko nokon har sagt ein gong for lenge sidan. Noko utan rotfeste og konsekvens. Og nokre gongar let eg att auga berre for å sjå... Men eg ser ingen ting. Ingen ting, Maron!

Maron.

Eg ser deg.

Vaxos.

Gjer du?

Maron.

Eg ser deg, Vaxos. Og du ser meg.

Vaxos. (frigjer seg frå famntaket)

Nokon gongar trur eg at et ser deg, men alt eg ser, er noko som liknar deg. Og når eg tenkjer etter, liknar du ikkje heller. 

Maron. (plukkar opp ein stein frå bakken)

Denne steinen er alt som er att.

Vaxos.

Alt?

Maron.

Alt som er att.



Illustrasjon: William-Adolphe Bourguereau






Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Varg Vikernes har ordet

  BOKOMTALE AV ESPEN D To Hell And Back Again Varg Vikernes 2025 I dag forbinder de fleste hardrock med koselige skallede bamser med skjegg og tatoveringer. Men hvis vi går tilbake til det tidlige 90-tallet, var det annerledes. Da var hardrockerne farlige, og den farligste av dem alle var Varg Vikernes aka Greven.  I 1994 ble han dømt for overlagt drap og flere kirkebranner. 31 år senere har Vikernes satt seg ned og skrevet sine memoarer. Akkurat slik musikeren Vikernes gjorde alt selv med enmannsbandet sitt Burzum, har han også gjort alt selv med denne boken. Skrevet selv, lest korrektur selv, ikke alltid med like stort hell, og gitt ut boken selv. Det har blitt en koloss av en bok med sine nesten 700 sider. Opprinnelig er boken skrevet som fem forskjellige bøker, men i år er altså alle bøkene samlet og gitt ut til den hyggelige prisen av 300 kroner. De fem delene er 1: «My Black Metal Story» der Vikernes skriver om hvordan han begynte med metall-musikk og hvordan kretse...

20 spådommer for 2026

  Würmstuggus klarsyntredaksjon har atter funnet frem krystallkulen for å se hva det kommende året har å by på.  1. Donald Trump må gå av som president etter å ha blitt dømt i retten. J.D. Vance tar over, og de fleste synes han gjør en god jobb som den frie verdens leder. 2. Ukraina gjenerobrer alt tapt land fra Russland. 3. Antallet trygdede går ned i Norge. 4. Norske milliardærer som har emigrert til Sveits, begynner å få samvittighetskvaler, og mange av dem velger å remigrere til Norge for å hjelpe til med å finansiere staten. 5. Norge slår England i finalen i verdensmesterskapet i fotball. 6. Sex går av moten. 7. Høyrepopulismen går kraftig tilbake i Europa. 8. Palestinerne innser at Israel er deres venner, og at de jødiske bosetterne på Vestbredden bare er der for å helpe dem. 9. Sportsjournalistene blir endelig anerkjent som en viktig yrkesgruppe. 10. Det råder full harmoni i Würmstuggu-redaksjonen.  11. VG og Dagbladet oppdager at de som er in...

Bokanmeldelse: Integreringen som ikke gikk seg til

  Integreringen som ikke gikk seg til Almir Martin Cappelen Damm Almir Martin har de siste par årene bemerket seg som en uredd stemme i innvandringsdebatten. Han har skrevet en rekke kronikker og kommentarartikler i mange aviser der han går i rette med problematiske forhold som vedrører innvandrerbefolkningen, særlig de med røtter i muslimske land i den tredje verden. I boken Integreringen som ikke gikk seg til bruker han sine erfaringer som mangfoldsrådgiver i skoleverket som utgangspunkt for en informativ bok som både beskriver problemer og foreslår løsninger i et felt som er preget av berøringsangst og frykt for å fremstå som «intolerant» og «rasistisk». Mye av boken handler om utfordringer som er velkjente for lærere og andre som arbeider i skolesektoren. I det første kapittelet skriver Martin om hvordan elever med muslimsk bakgrunn kan oppleve press knyttet til bønn, faste og religiøst funderte diettregler. Det er ikke presset hjemmefra han fokuserer på, men det som komm...