Flaug du gjennom orda mine nettopp no?
Gav du deg til kjenne i ein tankestraum
augneblinken før han fór or munnen min?
Ljodlaust, som ein skugge over fuktig jord,
fer du gjennom minnet til ei trulaus slekt.
Som eit isfjell, knappast synleg, men til stades
nesten over alt. I tid, i hug, i ord.
Illustrasjon: Richard Müller
Kommentarer
Legg inn en kommentar