Duino-elegiar Rainer Maria Rilke Attdikta av Jon Fosse Samlaget, 2022 No har eg nett lese Rainer Marie Rilkes diksamling - eller kan hende ein lyt seie lange dikt - Duino-elegiar i Jon Fosses attdikting. To gonger har eg lese boka: fyrst langsamt og grundig, så raskt og intuitivt. Eg trur båe måtar har noko for seg, særleg med tanke på at eg har lese boka før, men då i attdiktinga til Åsmund Bjørnstad. Førre gongen var i desember 2020, og då utløyste gjennomlesnga ei bokmelding . I den bokmeldinga ser eg no at eg skriv at eg las boka «for et par år siden». Totalt sett har eg altså lese Duino-elegiar fire gonger. Og framleis er ikkje boka lett å få tak på. Ho inneheld ti «elegiar» (som eg antek ber dette namnet meir fordi dei formelt står i tradisjonen etter den klassiske verseforma elegi , enn at dei har innhald som er «elegisk» i den kvardagslege tydinga av ordet), men eigentleg er det snakk om eit langt dikt med kompleks tematikk og eit omfattande, men einheitleg system...
Katekismus for det oplyste Borgerskab