Tejekhov i 1901. 8: «Om tobakkens skadevirkninger» DALBERG Kjære lesar! I går las eg det siste teaterstykket i boka «Åtte enaktere». «Om tobakkens skadevirkninger» er ein monolog på fire og ei halv side, der «Njukhin, ektemann til sin hustru som er innehaver av en musikkskole med pikepensjonat», legg ut som sitt skrekkelege liv og ekteskap under dekke av å halde ei førelesing om tobakkens skadeverknadar. Som ein forstår, er temaet det same som i «Tragiker mot sin vilje» og «Jubileet» , men her inneheld humoren eit større mørker enn i dei stykka. Språkleg sett er det glitrande. Monologen spring frå tema til tema, og tobakkens skadeverknadar er det minste av dei, men det heile vert gjort så elegant og vittig at ein som lesar - eller tilskodar, ja for eg måtte sjå ei framføring på Youtube etter å ha lese stykket - er med heile vegen. Ved fyrste augekast ser monologen ut som ei novelle, med dei tettpakka sidene med tekst, men når ein les, ser ein at Tsjekhov nyttar verkemid...
Katekismus for det oplyste Borgerskab