Me har fått tak i øl frå bergstaden Røros! Etter at kobberverket la ned drifta i 1977, har byen tydelegvis slått seg på ølbrygging, for Røros bryggeri skal visst ha eit ganske bra utval av produkt ifylgje kjeldene våre. Her er ei vurdering av Røros bryggeris Isle of IPA. Ølet held 4,7 % alkohol.
Maron: Dette ølet tykte eg hadde ei fin lukt av honning og blomar. Det fekk meg til å vilje smake på brygget. Smaken var overraskande bitter og hadde humle- og grapefruktpreg. Eg hadde ikkje drukke meir enn ein boks. Poengsum: 39/100
Vaxos: Eg likte den friske lukta. Ølet både såg innbjudande ut og og lukta friskt og godt, og eg skal medgje at eg ikkje var skuffa då eg fekk kjenne på smaken. Frisk, sitrusaktig, bitter. Perfekt for ein varm sumardag! Eg ville ha drukke to boksar, men truleg ikkje meir. Poengsum: 71/100.
No skal me drikke meir. Skål
Kommentarer
Legg inn en kommentar