Løkka IPA
Grünerløkka Brygghus
Alkoholinnhald: 7 %
På Grünerløkka Brygghus har me vore mange gongar. At dei har mykje godt å slukke tørsten med , er noko dei fleste som har vore der, veit. Men for mange har det vore eit problem at serveringsstaden ofte har andre gjestar. Men ølet til Brygghuset kan kjøpast på det statlege vinutsalet, så for dei som føretrekker å drikke åleine, er det altså mogleg å nyte produkta til den trivelege puben heime. Me har smakt på Løkka IPA.
Maron: Denne ølen lukta søtleg. Eg kjente ein eim av mynte og bygg. Men han smakte heilt forferdeleg. Smaken minte meg om Zalo.
Vaxos: Dette ølet lukta friskt. Smaken var herleg. Fruktig, frisk og bitter, med ein perfekt balanse mellom dei ulike smakane. Ølet smakar faktisk enda betre enn det luktar. Dette kunne eg drikke ganske mykje av, om det ikkje hadde vore så sterkt. Hadde nok vore perfekt på ein varm sumardag.
Maron: Eg har noko eg må medgi. Eg er forkjøla, så smaksaukane mine er både svekka og upålitelege. Det kan godt hende denne IPAen er betre enn sansane mine fortel meg i dag. Eg tek heller ein lunka Pepsi Max.
Karakter:
Maron: 5/100
Vaxos: 94/100
Skål!
Kommentarer
Legg inn en kommentar