Me har smakt på ein St. Bernardus Christmas. Dette er eit øl frå Watou i Belgia. Etiketten viser ein munter munk med nisselue på hovudet og eit ølglas i handa. Men, kjære lesar, om du drikk for mykje av dette ølet, vert du truleg ikkje særleg munter. For her snakkar me om seriøs rusgift.
Maron: Dette ølet syntest eg smakte som overmogme sviskar og rote kjøt. Eg likte det ikkje.
Vaxos: Eg likte ølet godt. Og fargen var jo mørk og fin. Kan hende det kunne vore litt mindre søtt. Også er det jo litt i sterkaste laget.
Ser på etiketten. Grøssar.
Jøje meg! Det held jo heile 10 %!
Men Maron, kjem du til å kjøpe dette juleølet neste år, trur du?
Maron: Nei, sjølvsagt ikkje.
Vaxos: Då trur eg eg kjøper ei flaske.
Kor: Dei er ikkje samde. Kva gjer vel det?
Kva gjer det vel om land ligg aude
og elvar renn med blod når øl er øl.
Me seier: elvar renn med blod når øl er øl.
Kommentarer
Legg inn en kommentar