Han låg og sprella på golvet i ein pøl med tjuktflytande mørkeblå væske eg ikkje klarte å identifisere. Det var som rørslene hans ikkje kom frå kroppen sjølv, men frå noko utanfrå. Eg såg på han lenge, tenkte på korleis han hadde endt opp nett der. Rommet var kaldt, døra var låst, og det var ein kjent sak at rottene hadde teke over denne delen av huset for lenge sidan. Sjølv om eg ikkje kunne sjå nokon, høyrde eg raslinga frå dei aldri kvilande dyra i veggane. Så la eg merke til det: Ut av det eine auget hans, det som var heilt raudt, kraup ein feit, gråkvit mark. Då heile kroppen var ute, sette han opp farta og fór over panna til mannen og opp i det fuktige håret. Eg tenkte at han måtte ha vore inne i kroppen hans lenge, så diger han hadde vorte. Eg la meg ned, rulla meg rundt og lét vibrasjonane i golvet trenge gjennom kroppen min. Eg var nøgd.
Illustrasjon: Wikimedia Commons
Kommentarer
Legg inn en kommentar