Gå til hovedinnhold

Nakensymjing om hausten: Demiurgiske samtalar under morgonsola (del 5)


Fem.


Ved eit vatn. Jorda er skrinn, så det er berre låge buskar og kratt. Sola er i ferd med å stå opp. Eit bål. Klede, verktøy papir ligg utover. Fuglekvitter. Av og til måkeskrik. Maron er naken. Vaxos er påkledd.

Vaxos.

Jo nærare eg kjem slutten, jo klarare vert byrjinga. Eg veit at eg er ein annan no, men eg veit betre kven eg var. Eg drøymde ikkje då.

Maron.

For du kunne ikkje sove.

Vaxos.

Nei, i barndomen søv ein ikkje. Ein er berre vaken i varierande grad. Alle sansar er med, og tankemønsteret endrar seg slett ikkje, sjølv om ein held auga igjen heile natta. Ein drøymer ikkje.

Maron.

Ein drøymer ikkje.

Vaxos.

Då eg kom hit til denne staden, var det med visse om at her skulle eg sanse, arbeide, sove. Her skulle eg leggje bak meg restane frå i går. Bli eit fritt menneske, avkledd, reint. Eg skulle dyrke hygienen og dei gode orda.

Maron.

Ei kvinne som ber vatn forbi her kvar morgon fortalde meg at ho hadde sett deg før.

Vaxos.

Ja, det er ikkje fyrste gong eg er her.

Maron.

Så du kjenner ho?

Vaxos.

Ikkje eigentleg. Men me har snakka saman. Me har sett kvarandre i auga, og ho har helt svalande vatn over meg meir enn ein gong.

Maron.

Alt kjem frå vatnet.

Vaxos.

«Jorda var aud og tom, mørker låg over djupet, og Guds ande svevde over vatnet», heiter det. Og «det skal bli ein kvelv midt i vatnet! Han skal skilja vatn frå vatn».

Maron.

Alt er vatn. Alt er eigentleg det det var i byrjinga. Eg også. Eg er eit barn. Eg er Barnet. Eg er barnet som badar nakent under morgonsola. Eg er barnet som ser verda utan å forstå. Eg er barnet som framleis trur det drøymer. Men eg er den same.

Vaxos.

Ja, du er den same.

Tre kvinner stig opp av vatnet. Dei har på seg fotside kjolar, den eine raud, den andre gul, den tredje grøn.

Den gule og Den grøne.

Me veit kor vegen går. Me har sett vegkryssa. Og me har følgd vegen til enden.

Den raude.

(Ser Vaxos og Maron) Kven er de? 

Maron. 

Ser de oss ikkje? Me gjev oss ikkje ut for å vere andre enn me er.

Vaxos.

Me kjem òg frå vatnet. Me er barn. Men me kan drøyme. Og draumen skal bere oss mot ei ukjend framtid. Draumen skal reinse verda.

Den gule.

Dei er barn. Framtida ligg ope. Fortida ligg aude. Kom.

Den grøne.

Her kan me ikkje vere.

Dei stig ned i vatnet igjen.

Vaxos.

Levande. Eg kjenner meg levande.

Maron.

Du lever medan sola skin, men når ho gøymer seg under horisonten, søv du.

Vaxos.

Ja, og drøymer.

Maron.

Drøymer.

Måkeskrika overdøver fuglekvitteret.



Illustrasjon: Pierre Adolphe Valette




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Varg Vikernes har ordet

  BOKOMTALE AV ESPEN D To Hell And Back Again Varg Vikernes 2025 I dag forbinder de fleste hardrock med koselige skallede bamser med skjegg og tatoveringer. Men hvis vi går tilbake til det tidlige 90-tallet, var det annerledes. Da var hardrockerne farlige, og den farligste av dem alle var Varg Vikernes aka Greven.  I 1994 ble han dømt for overlagt drap og flere kirkebranner. 31 år senere har Vikernes satt seg ned og skrevet sine memoarer. Akkurat slik musikeren Vikernes gjorde alt selv med enmannsbandet sitt Burzum, har han også gjort alt selv med denne boken. Skrevet selv, lest korrektur selv, ikke alltid med like stort hell, og gitt ut boken selv. Det har blitt en koloss av en bok med sine nesten 700 sider. Opprinnelig er boken skrevet som fem forskjellige bøker, men i år er altså alle bøkene samlet og gitt ut til den hyggelige prisen av 300 kroner. De fem delene er 1: «My Black Metal Story» der Vikernes skriver om hvordan han begynte med metall-musikk og hvordan kretse...

20 spådommer for 2026

  Würmstuggus klarsyntredaksjon har atter funnet frem krystallkulen for å se hva det kommende året har å by på.  1. Donald Trump må gå av som president etter å ha blitt dømt i retten. J.D. Vance tar over, og de fleste synes han gjør en god jobb som den frie verdens leder. 2. Ukraina gjenerobrer alt tapt land fra Russland. 3. Antallet trygdede går ned i Norge. 4. Norske milliardærer som har emigrert til Sveits, begynner å få samvittighetskvaler, og mange av dem velger å remigrere til Norge for å hjelpe til med å finansiere staten. 5. Norge slår England i finalen i verdensmesterskapet i fotball. 6. Sex går av moten. 7. Høyrepopulismen går kraftig tilbake i Europa. 8. Palestinerne innser at Israel er deres venner, og at de jødiske bosetterne på Vestbredden bare er der for å helpe dem. 9. Sportsjournalistene blir endelig anerkjent som en viktig yrkesgruppe. 10. Det råder full harmoni i Würmstuggu-redaksjonen.  11. VG og Dagbladet oppdager at de som er in...

Bokomtale: Nettforgiftning

  Nettforgiftning Siw Aduvill og Didrik Søderlind Humanist Forlag, 2025 De siste årene har Würmstuggu skrevet en god del om fenomenet woke. Denne våren har vi publisert anmeldelser av to ferske bøker som tar opp temaet med en dybde vi sjelden ser i det offentlige ordskiftet, Wokeisme av Lars Erik Gjerde og Kateterprofetenes opprør av Andreas Hardhaug Olsen. Og i fjor sommer skrev vi om Frank Rossaviks De korrekte fra 2022. Nå er tiden kommet for å ta opp en bok som ser saken fra motsatt synsvinkel. I våres kom boken Nettforgiftning av Siw Aduvill og Didrik Søderlind. Boken, som har undertittelen Å miste noen til radikalisering og konspirasjonsteorier, har en helt annen tilnærming til stoffet og handler for så vidt ikke bare om woke i streng forstand, men også tilstøtende saksområder som klimapolitikk og håndtering av covid-pandemien. Didrik Søderlind er trolig en kjent skikkelse for de fleste av Würmstuggus lesere. Han arbeider som rådgiver for den statsfinansierte ateis...