Gå til hovedinnhold

Når borna græt



Powerballaden var ei av dei mest særmerkte musikalske uttryksformene innan tungrocksjangeren på 1980-talet. Dei ga dei elles så hardtslåande banda eit høve til å vise seg frå ei mjukare, meir emosjonelt ladd side. På overflata skil White Lions "When the Children Cry" seg ikkje særleg frå dei typiske powerballadane, i alle fall ikkje musikalsk. Songen fylgjer ein ganske standard mal når det gjeld komposisjon og arrangement. Men teksten er noko radikalt anna. Her har me nemleg å gjere med ein song som postulerer eit ganske aparte syn på statsmakt og religion. Ja, ein kan seie at dette er ein songtekst som står med både beina godt planta i den kristenanarkistiske tradisjonen. Det er tydeleg at gutane i White Lion kjenner sin Tolstoj, for her går det politiske og det sakrale opp i ei høgare sameining. 


Teksten er ein monolog retta mot lite barn som er tildelt eit oppdrag av verdshistoriske dimensjonar. "Du må vise veg / til ein betre dag / For du vart fødd / for at heile verda skulle sjå / at me alle kan leve / i fred og kjærleik." Me ser klart at det ikkje er eit kva som helst barn det er snakk om her, men om sjølvaste Messias. Vidare ser me at dette barnet skal bane veg for ei verd utan statsmakt og krig, der heile verda skal vere samla under Gud. Der er nærliggjande å tenkje seg at det er ein av dei heilage tre kongar som snakkar til Jesus-barnet. Som representant for statsmakta har han innsett at tida hans er forbi. Dette barnet er kimen til ei statslaus verdsordning som på sikt vil vere reinsa for krig og vondskap. Den elegiske melodien berre understrekar melankolien ein verdsleg herskar naudsynleg må kjenne for ei slik verd. Samstundes skjønar han at det faktisk er rett at krig og vondskap ikkje hadde funnest om det ikkje hadde vore for Staten.


Det er skrive mange tungrocktekstar om fridom. Det autonome, fridomselskande og ikkje sjeldan hedonistiske mennesket har vore eit ideal innan rocklyrikken sidan 1950-åra. Men at ein trekk dei politiske konsekvensane så langt som her, og att på til knyttar dei opp til det bibelske Messias-håpet, er framleis sjeldan kost.


Her er songteksten i nynorsk gjendiktning:


Vesle barn,

tørk auga dine.

Korleis kan eg forklare

frykta du kjenner inni deg.


For du vart fødd

inn i ei ond verd

der mann drep mann

og ingen veit kvifor.


Kva har det vorte av oss?

Berre sjå kva me har gjort.

Alt som me har øydelagt,

må du bygge opp att.


Når borna græt,

lat dei vete at me har prøvd.

For når borna syng,

byrjar ei ny verd.


Vesle barn,

du må vise veg

til ein betre dag

for alle dei unge.


For du vart fødd

for at heile verda skulle sjå

at me alle kan leve 

i fred og kjærleik


Utan presidentar

vil krigane ta slutt.

Ei sameint verd

under Gud



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bokomtale: Ugress & omstendigheter

  En kveld tidlig i oktober satte jeg meg ned og leste Michaels Konupeks diktsamling Ugress & omstendigheter . Efter å ha lest den to ganger, slo to tanker ned i mitt hode: 1) Om kort tid vil jeg trolig ha glemt hele boken, og 2) for de aller fleste vil boken forbli fullstendig ukjent, kun en anonym bokutgivelse i en smal genre som ble utgitt uten brask og bram en gang i 2024, med mindre noe helt spesielt skulle skje, som for eksempel at Konupek skulle bli en folkekjær realitykjendis eller mottager av Nobels litteraturpris. Derfor satte jeg meg ned og skrev denne teksten, som her siteres i sin helhet:  «Den tsjekkisk-norske forfatteren Michael Konupek er for meg et nytt navn, men ifølge omslagsteksten på den ferske diktsamlingen Ugress   & omstendigheter har han utgitt flere skjønnlitterære verk, deriblant romanen Böhmerland 600 cc . Boken har et monokromt omslag i en farve jeg vil kalle «mørk militærgrønn» og inneholder informasjon om tittel, forfatter, genre og...

Troller Würmstuggu nyhetsbildet igjen?

  Det siste døgnet har vi mottatt en del henvendelser fra våre lesere angående denne artikkelen i VG. Er denne «Selma Moren, debattjournalist og kommentator» bare en oppdiktet Würmstuggu-figur? er det noen som spør. Er det bare redaksjonen som er ute og troller nyhetsbildet igjen?  Dette har vi avkreftet tidligere, men likevel er det ikke helt usant. Det er ikke vi som har skapt figuren, det er det noen i VGs satireredaksjon som har gjort, men akkurat denne artikkelen er det vi som har ført i pennen. Vi har nemlig inngått en avtale med VG om å levere «Selma»-stoff i tiden fremover. Men vi er ikke de eneste, for «Selma» er et gruppeprosjekt med flere bidragsytere, både fra VG-redaksjonen og eksterne. Vi synes det er en morsom utfordring å se nyhetsbildet gjennom øynene til en tenåringspike som kanskje er litt trangsynt og ikke så veldig smart, men som kompanserer med et stort hjerte og tro på seg selv. Det er flere «kommentarer» som allerede er skrevet og som bare venter på å...

Når #metoo dreper

  Søndag 24. mars begynte et mareritt for den prisbelønte amerikanske serieskaperen Ed Piskor, kjent for tegneserier som «Hip Hop Family Tree», «Wizzywig» «Red Room» og «X-Men: Grand Design», og ikke minst den svært populære Youtube-kanalen «Cartoonist Kayfabe». En kvinne ved navn Molly Dwyer postet en «historie» på Instagram der hun fremla et nøye kuratert utvalg chatmeldinger fra 2020 som kunne gi inntrykk av at Piskor forsøkte å flørte med henne. På dette tidspunktet var Dwyer 17, snart 18 år, og Piskor var 37. De kontekstløse chatmeldingene ble ledsaget av grove anklager om «grooming» og uanstendig omgang med en mindreårig. Noen tok et skjermbilde av Instagram-posten og spredde den på sosiale medier. Dermed var helvete igang for Ed Piskor. Internettmobben begynte å samle seg for å ta ned nok et offer.  I løpet av timer ble det en allment akseptert sannhet at Piskor var en pedofil overgrepsmann, eller i beste fall en «creepy old man» som prøvde å komme ned i buksene på unge...