mørke ord som òg er mjuke.
Hjartet lyg, eg veit det vil meg
lite godt. Ei tæringssjuke
rammar samvit, hug og sjel,
et seg inn kropp og sinn.
Sveltar anden halvt i hel,
gjer meg språklaus, svak og blind.
Som eit digitalt fantom,
røyndomsfjern og knapt til stades,
søkjer eg min heilagdom
i eit elektronisk Hades.
Der finst kvile, der finst svevn.
Der finst tid til lyst og von
rettferdstrong og draum om hevn.
Hugleik, drift og løynd pasjon.
Orda ligg som rim på graset,
leikar lekamlaust i blåsten.
Tida renn som slim på glaset.
Hjartet frys i nattefrosten.
Illustrasjon: Dick Briefer
Illustrasjon: Dick Briefer
Kommentarer
Legg inn en kommentar