Eg smakar avgrunnsauga dine og gøymer minnet om stemmen din i songane eg syng foran menneskemengdene eg registrerer som naturfenomen, som fargen på graset eller forma til regndråpene som legg seg tunge i håret mitt og samlar seg i augebryna før dei renn nedover andletet. Eg veit kva hausten skjuler. (Tekeli-li.) Eg veit kor du går når svevnen støyter deg vekk, og kroppen - kroppen - din gløymer alt kva han har visst om kvile, og avgrunnen openberrer seg i auga dine. (Tekeli-li.) Eg veit korleis (bzzxtrrr tssssp) jarndraumen stengjer deg inne kvar einaste natt. Korleis (bzzxtrrr tssssp) blystemmene frå naboleilegheita trekk deg ned i den mjuke varmen du halvt hugsar, men ikkje kan setje ord på. (krrtkrrtkrrt) Tekeli-li.
Illustrasjon: Louis Ferstadt
Kommentarer
Legg inn en kommentar