Würmstuggu skal som kjent vere ein "Katekismus for det oplyste Borgerskab", og lesarane skal vite at redaksjonen tek dette oppdragaransvaret på djupaste alvor. Her har me valt ut tre fiksjonar me vil oppmode lesarane om å ta ein kikk på.
Carl Frode Tiller: Innsirkling
Aschehoug 2007
Kva er eit menneske djupast sett? Eit erfarande, handlande subjekt, eller eit observerbart objekt? Og kan ein eigentleg vite noko essensielt om eit menneske, eller er det berre meir eller mindre meiningslause brotstykke me kjenner når me seier me "kjenner nokon"? Dette er nokre av spørsmåla Carl Frode Tiller tek opp i romanen "Innsirkling". Boka er strengt strukturert, med tre forteljarar som etter tur gjev sin skildring av hovudpersonen David, som dei alle kjende i ungdommen, i form av brev til ein mann som hevdar å ha mista minnet. Innimellom breva får me eit innblikk i liva og tankane til forteljarane på den tida dei skriv brevet. Her skin Tiller, for det inntrykket me får av personane i den eines auge, samsvarar ikkje nødvendigvis med kva andre ser, for ikkje å snakke om korleis dei ser seg sjølv. Fabelaktig romankunst.
Matt Wagner: Grendel: Behold the Devil
Dark Horse 2008
Sidan tidleg på 1980-talet har Matt Wagner fortalt historier om Grendel, ein identitet, eller snarare ein persona, som etter kvart utviklar seg til ein religion, og sidan til ein verdsomspennande sivilisasjon. I Behold the Devil møter me den originale Grendel, forfattaren og forbrytargeniet Hunter Rose, i ei blodig forteljing utført i gloriøst svart, kvitt og raudt, der hovudpersonen gjer opp med ulike rivalar i New Yorks underverd. Hovudpersonen representerer på eit vis menneskeleg perfeksjon slik me er vande med i amerikanske teikneserier, men sjølvmedvitet om denne perfeksjonen gjer han sårbar i møtet med eit trugsmål som synest å vere metafysisk av natur. Noko av det mest interessante med desse teikneseriene er det disiplinerte formspråket Wagner nyttar. Den avgrensa paletten, tekstutdraga av biografien om Rose, skriven av dotterdottera hans og den varierte og effektive sidelayouten gjer dette til ei engasjerande lesaroppleving.
Federico Garcia Lorca: Blodbryllup
Transit 2006
Til slutt vil eg tilrå alle med sans for kvalitetsdramatikk å lese Federico Garcia Lorcas lagnadsdrama Blodbryllup (ja, dette skodespelet er omsett til riksmål, ikkje nynorsk) frå 1932. Denne høgpoetiske tragedien om eit dømt bryllaup rommar alt ein lesar måtte ynskje av fortærande kjensler, talande symbolikk og mørk kausalitet, malt ut med poetisk pregnans på eit lerret av andalusisk naturromantikk. Her er det snakk om konflikten mellom vilje og natur, mellom fornuft og drift. Her får Eros og Thanatos fritt spelerom. Blodet er den sentrale metaforen. Det både bind og skil, både brenn og renn. Du vil truleg ikkje angre på å setje av eit par timar til å lese dette skodespelet. Omsetjinga er ved Kari Näumann, og boka inneheld eit etterord av Elisabeth Skjervum Hole.
(Illustrasjon: Eustache Le Sueur)
Kommentarer
Legg inn en kommentar