Man soll sie zerschmeißen, würgen, stechen, heimlich und öffentlich, wer da kann, wie man einen tollen Hund erschlagen muss.
1.
Ei overflate, glatt som ein spegel, etterlet eg meg. Der kan du finne deg sjølv, for alt ved meg, alt eg kjende, vil vere borte. Alt ved verda er likegyldig for ein som ikkje er her meir. Kvart blikk, kvar rørsle, kvart ord - alt saman som stein på havbotnen på andre sida av jorda. Om eg hadde kunne, ville eg ha stilla havet også, omdanna det til ei stille, blank overflate, nett som eg har vore, og som eg etterlet.
2.
Ukjende tonar sig inn frå nabohuset. Han har visst kjøpt eit nytt instrument. Det læt som eit strengeinstrument, men og som ein messingblåsar, du veit ein slik som vert brukt for å oppildne soldatar til å slakte ned fienden på slagmarkene i aust. Men stundom læt det òg som eit lett snorkande småbarn. Eg tek meg sjølv i tenkje på framtida og dei teknologiske framskritta som ventar der. Eg ber på ei von om at me ein gong kan kombinere biologisk materiale med daudt stoff. Då kan me alle verte levande musikkinstrument.
3.
Ein gong vart eg kalla eit seksuelt reptil. Ein sedlaus dinosaur. Det kan så vere. Men framfor alt er eg eit menneske. Eit skjørt, skrøpeleg menneske. Stikk meg med ein kniv, og eg blør. Og det som blør, kan drepast. Men ein ting veit eg: me er ikkje åleine. Det er noko som ventar på oss der ute, og det er ikkje noko menneske. Me kjem alle til å døy.
Illustrasjonar: Edgar Degas, Alfred Stieglitz og Matt Baker
Kommentarer
Legg inn en kommentar