
Eg er kviskringa i vintervêret. Eg er gravsteinsorda som blæs forbi og minnar deg om det som ligg mellom augeblinka, mellom no og no. Eg skal ta nye former, smelte med isen og gjere plass til krittdiagram når tida kjem. Her skal eg leie ungjenter til dans med skuggepartnarar, dressere kroppane deira, leggje draumane deira i lenker og gjere dei til menneskemaskinar. Eg er ei hildring på trommehinna, eit løynd tungemål, eit isbilete i på hjernebarken.
Kommentarer
Legg inn en kommentar