![]() |
| Foto: Karl Ragnar Gjertsen (modifisert) |
Sjå! Graset attmed stabburet er grått.
Eg svergar det var friskt og grønt i går.
Kva er det som har ramma det så brått?
Men sjå! Der ligg ein livlaus saueskrott.
Ho må ha ete graset og blitt sjuk.
Eg ottast at ho ikkje er åleine,
at flere ligg omkring med svollen buk
og opne sår som blottlegg kjevebeinet.
Kva sjukdom har forgifta gras og fe?
Er dette kosmisk rettferd, straff frå Han
som Loven kjem frå? Hjelper det å be?
Kan presteskapet frelse folk og land
med bønn om nåde? Måtte dette skje?
Det overgår all menneskeleg forstand.

Kommentarer
Legg inn en kommentar