Eit steinkast unna plassen eg vaks opp
finst framleis leivningar frå forne år.
Bak hestehagen, rett der trea står,
finst rester av ein spinkel skamslått kropp
om du grev litt i jorda. Gamle spor
av noko som eg vonar er forbi,
ei hardhendt verd gøymt bak ein mur av tid,
då menn’ska levde utan skrivne ord.
Der er’kje meir enn bein igjen av ho,
pluss smykke som ho bar og andre ting
ho fekk med seg i grava. Me let jenta
få ligge der ho ligg. Det finst ei ro
rundt grava, som smyg kvilande omkring.
På døden har eg alltid gått og venta.

Kommentarer
Legg inn en kommentar