I år er Julestuggu i det sakrale hjørnet. Me tek for oss geistlege og teologar som har prega den kristne kyrkja frå romersk og fram til reformasjonen. Kvar dag framimot jul opnar me ei luke som me vonar vil opplyse, underhalde og bidra til den tiltakande julestemninga i dei tusen heim.
Justin vart fødd i Nablus i den delen av Palestina som i dag vert kalla Vestbreidda ein gong mellom år 90 og 100 e.Kr. Han gjekk i lære hos ei rekkje filosofar, og var innom fleire filosofiske tankeretningar før han om lag 30 år gamal konverterte til kristendomen og vart ein omreisande lærar. Utrusta med filosofiens retoriske arsenal forkynna Justin den kristne trua med eit filosofisk vokabular og argumentasjonsteknikk henta frå dei store heidenske filosofane. Han forfatta også fleire apologiar som fekk stor betydning for den tidlege kyrkja. I skriftet Fyrste apologi forsvarer han kristentrua og ber keisaren slutte å forfølge dei kristne. Den kristne filosofen Justin leid martyrdøden i Roma på 160-talet, medan filosofkeisaren Marcus Aurelius styrte det mektige Romarriket.
Kommentarer
Legg inn en kommentar