I år er Julestuggu i det sakrale hjørnet. Me tek for oss geistlege og teologar som har prega den kristne kyrkja frå romersk tid og fram til reformasjonen. Kvar dag framimot jul opnar me ei luke som me vonar vil opplyse, underhalde og bidra til den tiltakande julestemninga i dei tusen heim.
Tertullian var ein jurist frå Kartago som konverterte til kristendomen i 30-40-årsalderen og etter det vart ein særs produktiv apologet og polemikar som skreiv tekstar der han forsvarte kristendomen og gjekk til åtak på heidendomen, ofte i krasse vendingar - og på latin, eit språk som inntil da ikkje hadde hatt nokon plass i Kyrkjas religiøse littaratur. Mot slutten av livet slutta han seg til dei kontroversielle montanistane, ei sekt som la vekt på profetiar og Den heliage anden. Då Tertullian døydde kring år 220, midt under regjeringstida til den horaktige keisaren Elagabalus, var han ingen ungdom lenger, men nøyaktig kor gamal ham vart, er det ingen som veit.
Kommentarer
Legg inn en kommentar