I år er Julestuggu i det sakrale hjørnet. Me tek for oss geistlege og teologar som har prega den kristne kyrkja frå romersk tid og fram til reformasjonen. No som me har me kome til sjølve juledagen, opnar me 25. og siste luke.
Paulus var ein romersk jøde frå byen Tarsus søraust i Vesleasia. Han tilhørte det fariseiske partiet i jødedomen og hadde ikkje høge tankar om den nye kristne rørsla inntil han fekk ein visjon av Jesus på veg til Damaskus nokre få år etter avrettinga av Jesus og dei mykje omtalte hendingane i Jerusalem etter dette. Paulus konverterte til den nye trua og vart snøgt ein viktig leiar i Jesusrørsla. Han reiste rundt og forkynte i Vesleasia og Levanten, og etter kvart la han ut på større misjonsreiser i det austlege middelhavsområdet. Paulus vart misjonæren som framfor nokon freista å nå heidningane, altså dei som ikkje var jødar, med bodskapen om Jesus. Dette var omstridt i Jesusrørsla dei fyrste tiåra. Jødedomen på den tida var ein pluralistisk religion med mange ulike retningar, og fleire av dei tidlege kristne leiarane såg på Jesus som ein jødisk reformator med ein bodskap som fyrst og fremst retta seg mot jødar som fylgde moseloven. Men med sin meir utettervende lære klarte Paulus å omvende fleire enn nokon annan forkynnar i denne tidlege perioden. Han fekk stor autoritet i kristne krinsar, noko som førte til at breva han skreiv til kyrkjelydane rundt om i Vesleasia og Balkan vart tekne vare på, kopiert og distribuert mellom forsamlingane. Med tid og stunder fekk breva status som heilag skrift og fekk plass i den kristne Bibelen. I breva greidde han ut om læra om Jesus, ga retningsliner for moral og organisering av kyrkja, og drøfta forholdet mellom moseloven og evangeliet på ein måte som førde til at heidningar strømma til rørsla. Ja, det tok ikkje lang tid før fleirtalet av dei kristne hadde ikkje-jødisk bakgrunn. I byrjinga av 60-åra heldt Paulus til i Roma. Der skal han ha blitt halshogd under keisar Neros kristenforfylgjingar.
Det var siste luka for i år. Etter alt å døme kjem me attende til neste år med ein ny adventskalender som me vonar vil opplyse, underhalde og bidra til den tiltakande julestemninga i dei tusen heim. Me har allereie temaet klart, men det vil me ikkje avsløre før 1. desember 2025 - om ikkje sivilisasjonen går under i eit kjernefysisk holocaust eller ein verdsomgripande, dødeleg pandemi mellomtida. Gledeleg jul til frå alle oss i Julestuggu-redaksjonen!
Illustrasjon: Enrique Simonet, 1887
Kommentarer
Legg inn en kommentar