I år tek Würmstuggus julekalender for seg fascistar, nasjonalsosialistar og andre nasjonalistisk orienterte militante anti-marxistar som vekte merksemd for å kjempe mot liberalisme, parlamentarisme og klassekamp mellom 1919 og 1945. Kvar dag fram mot jul opnar me ei luke som me vonar vil opplyse, underhalde og bidra til den stadig aukande julestemninga i dei tusen heim.
Etter å ha spelt ei særs sentral rolle i folkemordet på dei europeiske jødane, klarte SS-Obersturmbannfuhrer Adolf Eichmann, takk vere ei rekke falske identitetar, å unngå merksemda til okkupasjonsmakta og dei tyske styresmaktene etter avslutninga av krigen. Dimed slapp han unna Nürnberg-tribunalet, der fleire av dei overlevande nazitoppane vart dømt for brotsverk mot menneskeheita. I 1950 klarte han å forlate Europa for godt då han emigrerte til Agentina under namnet Ricardo Klement. I Argentina levde han eit stille liv inntil internasjonal vigilanteverksemd sette ein stoppar for hans liv i fred for verdas søkjelys. I mai 1960 vart han kidnappa av Mossad- og Shin Bet-agentar som førte han til Israel. Der vart han stilt for retten i 1961 og dømt til til døden. 1. juni året etter vart han hengt, 58 år gamal.
Vi tilrår lesarane våre å lese Hannah Arendts bok «Eichmann in Jerusalem».
Foto: GPO
https://creativecommons.org/licenses/by-sa/3.0/legalcode
Kommentarer
Legg inn en kommentar