Bak ein kvar stor mann står ei kvinne, vert det sagt, og i år er det nettopp det fagre kjønn som står i sentrum i Julestuggu, Würmstuggus årvisse julekalender. Nærare bestemt handlar det om kvinnene til diktatorane, for sjølv den sterkaste mann treng ei kvinne å støtte seg på. Kvar dag fram mot jul opnar me ei luke som me vonar vil opplyse, underhalde og bidra til den tiltagande julestemninga i dei tusen heim.
Sumaren 1906, året etter revolusjonen som for alvor synte at ikkje alt var som det burde i tsar Nikolajs keisardøme, gifta den berykta georgiske yrkesrevolusjonære banditten Josef Dzjugasjvili, seinare kjent som Stalin, seg med den fagre Ekatarina Svanidze, eller «Kato», som ho vart kalt blant venar og familie, også ho georgier. Bryllaupet fann stad i ei kyrkje i Tbilisi, med prest og det heile, for Ekatarina, som var ein from kristen, insisterte på ein kyrkjeleg seremoni sjølv om brudgommen hadde avsverga kristentrua til fordel for den dialektiske materialismen. Ekatarina fødde han ein son, Jakov, men døydde nokre månadar seinare av tyfus, berre 22 år gamal. Stalin hadde ikkje tid eller ork til å ta seg av sonen sin, for han prioriterte arbeidet for revolusjonen framfor familieliv. Difor vart det Svanidze-familien som tok seg av lille Jakov under oppveksten. Interesserte lesarar kan sjølv finne ut korleis det gjekk med Jakov. Me seier berre at Stalin ikkje var ein utprega sentimental mann. Under den store terroren i 1930-åra vart broren og svigerinna til Ekatarina arrestert og seinare skotne.
Fann Josef Stalin kjærleiken igjen? Me seier ingenting no. Men følg med! Kan hende me treffer fleire av kvinnene hans seinare i denne julekalenderen.
Kommentarer
Legg inn en kommentar