Morgon og kveld
Jon Fosse
Samlaget, 2000
Eg har nett lese romanen Morgon og kveld, og levert han attende tilbake til biblioteket har eg også, det må ein jo gjera med ting ein har lånt, har eg høyrt sidan ung eg var, eg tenkjer at det er ei lære som er klok og god å ta vare på, og eg tenkjer òg at det kunne vere morosamt å skrive ned nokre tankar om boka, for eg gjer meg alltid nokre tankar når eg les ei bok, og ikkje berre det, ein kan jo støyte på tanken på at einkvan ville interessere seg for å få veta kva eg tenkjer, men den aller viktigaste grunnen til at eg skriv teksten er vel at eg vil finne ut sjølv kva eg tenkjer om boka, for tankar om kunst oppstår ikkje spontant i ei form som lett let seg formidla i ord, dei må modnast og dernest bli gitt ei språkleg form, og no må eg nemne at boka ikkje er ny, Å nei! Langt derifrå! boka er gamal som alle haugane ho, seks og tjuge år har ho blitt, utgjeven som ho vart i år to tusen, men tematikken boka tek opp er tidlaus, eller kan hende meir presist, utanfor tida, for ho handlar om dauden og kva som skjer etter den - eller eigentleg handlar ho ikkje om dauden men om livet, for i fyrste del vert me vitne til starten på livet til hovudpersonen, ja han vert fødd i den delen av boka som ber romartalet «I» som tittel, ja så er det. Her møtar me fiskaren Olai som opplever fødselen til sonen sin, Johannes, og trur det ikkje! det er Johannes som er hovudpersonen i boka, han vert me godt kjend med i den andre - og siste - delen av boka, som heiter «II». Eg las boka utan å ha nokon aning om kva ho handla om, sjølvsagt hadde eg nokre forventningar av di boka er skriven av Jon Fosse, for han har eg lese mykje av, og han har ikkje berre ein karakteristisk måte å skrive på, han har også nokre tema og nokre måtar å byggje forteljingane sine på som går igjen både i romanane og i skodespela, men for å kome attende til der eg byrja: kva handlinga gjekk ut på visste eg ikkje noko som helst om då eg byrja lesinga, og eg har bestemt meg for ikkje å røpa for mykje av ho, for eg hadde ein fin lesestund, og eg vil gjerne legge til rette for at lesarar av denne teksten, ja den du sit og les no, kan få ein liknande lesaroppleving som den eg hadde, og det krev at sjølve intrigen må ligge i mørke, eller snarare vere innhylla i mørk tåke, for noko av det eg likte best då eg las boka var den gradvis auka forståinga av kva som eigentleg hender. Eg trur det var rundt halvvegs eg fann nykelen. Som nemnt handlar boka om dauden, eller eigentleg om dauden og livet, for dauden er på sett og vis ein del av livet, ja det vil eg seie, og hovudpersonen er gamle Johannes, fiskar og enkemann, han lever ei mistrøstig pensjonisttilvære ute på ei øy ein stad på vestkysten, ikkje berre er kona hans død, det er også venane hans, ja ein kan vel seie at Johannes er den siste gjenlevande frå sin generasjon i det lille øysamfunnet han lever i, ikkje det at han ikkje har nokon, for born, det har han nok av, og borneborn med, neida så heilt åleine er han ikkje i verda, og yngstedottera spelar ein sentral rolle dei siste 20 sidane, men dagen nett denne forteljinga handlar om, frå morgon til kveld, er ein annleis dag, for Johannes får ein endra oppfatning av verda, tinga i ho og ikkje minst sin eigen kropp, og til sist, andre menneske. Men eg skal ikkje henge meg opp i sjølve handlinga, for det er mykje meir å snakke om, som til dømes språket, for Fosse er ein lett gjenkjenneleg stemme i den norske litteraturen, anten han skriv romanar eller skodespel, mykje har vore skrive om gjentakingane, avbrota, digresjonane, den spesielle teiknsetjinga og alt det der, men ein ting han særleg gjer i romanane, og her er altså Morgon og kveld eit godt døme, i alle fall slik eg ser det, er å la lesaren ta del i tankestraumen til karakterene sine, utan å forklare kontekst og utan å presse orda inn i kunstla tankereferat med ordna syntaks og utan fyllord og frasar som understreker, bekreftar eller berre er språklege vanar utan håndgripeleg funksjon, ja tankane til Johannes verkar på eit vis meir verkelege enn kva vanleg er i skjønnlitterære tekstar, dei flyt godt og gjer rom for assosiasjonar, digresjonar og sanseinntrykk, og denne flyten, kombinert med fråværet av verkemiddel som punktum og avsnitt gjer at lesetempoet, i alle fall mitt lesetempo, gjennom denne boka, aukar, for ein treng ikkje å dvele ved alt, handlinga og sinnsstemninga til Johannes får ein lett med seg åkke som, og denne flyten i teksten gjer det også mogleg å bryte opp kronologien i forteljinga, joda handlinga utspeler seg over perioden mellom «morgon og kveld», men typisk for oss menneske, og kanskje dyra også, kva vet eg? kva kan me menneske eigentleg veta? typisk for mennesket er at me, takk vere alt det som er lagra oppi hovuda våre, minne, erfaringar, kjensler, lever i notid og framtid samstundes, og når det ikkje er så mykje som hender lenger, og livet vert redusert til rutinar ein ikkje treng å reflektere over, er det vel ikkje fritt for at fortida vert ein like viktig del av medvitet som notida, ja eg trur Jon Fosse hadde dette i tankane då han skrev boka, når eg tenker over det er jo ganske vanleg i skodespela hans at handlinga utspelar seg over fleire ulike tidsplan samstundes, til dømes i Dødsvariasjonar, Sterk vind og Suzannah. Men før eg gløymer det må eg få med nokre ord om dei religiøse referansane i boka, mest openlyst er det i namna Fosse har valgt å gje romanfigurane sine, for dei to viktigste personane i boka har namn etter apostlar, Johannes’ beste venn heiter Peter, og han er fiskar, nett som hovudpersonen sjølv, og dessutan spelar han ei rolle som ikkje er heilt ulik den sankt Peter har i dei kristne forestillingane om livet etter dauden, og kvinner med bibelske namn som Anna og Marta møter me også, jo namneval kan seie ein heil del om kor forfattaren vil, det er det ikkje tvil om, men Fosse finn også rom for meir direkte refleksjonar om det guddommelege, for Johannes har gjort seg nokre tankar om Gud også, eller kanskje ein heller skal seie at han har arva dei, for Olai, far hans, formulerer i åpningspartiet dette synet, som om ein skal nytta fargerminologi, kan kallast gnostisk eller i det minste dualistisk, altså langt unna det tradisjonelle kristne synet på Gud, og det får meg til å stille spørsmålet: kanskje var dette noko som den no katolske forfattaren tenkte mykje på rundt årtusenskiftet, for var det ikkje om lag då han ga ut boka Gnostiske essay? jo det må ha vore då, men no skal ikkje eg spekulere for mykje, for den boka har eg ikkje lest. No trur eg det er på tide å avslutte teksten, for eg kjem ikkje på noko særleg meir eg kjenner trong til å skrive ned, og dessutan byrjar eg å trøytna, men før eg «legg på røyret», for å bruke ein ein velkjent metafor som òg er relevant for tematikken i boka, vil eg seie noko konkluderande, ja mest noko ein kan setje to strekar under, og det er at eg likte denne boka, altså Morgon og kveld veldig godt, og eg trur lesarar som likar smart skrivne, godt gjennomtenkte romanar som vil noko meir enn å underhalde, ville ha glede av å lese denne forteljinga om dauden og livet mellom «morgon» og «kveld», og eg trur eg også vil driste meg til å seie at eg synest Fosse er ein betre romanforfattar enn dramatikar. Ja eg trur det er sånn eg vil avslutte denne teksten.

Kommentarer
Legg inn en kommentar