Gå til hovedinnhold

Meir Jon Fosse!

 

Dei siste åra har eg lese ein god del Jon Fosse. Det er ikkje alt eg har likt, sant å seie er det ganske mykje av det som er keisamt og temmeleg uinteressant, spør du meg. Nokre gongar verkar det som han nyttar den særmerkte stilen sin for å dekke over at han eigentleg ikkje har noko særskilt å seie, men det er klart at han frå tid til anna treffer blink og rammar lesaren i hjartet og hugen med kraft og elan (Ja, eg seier «lesaren», for det er berre som lesar eg kjenner Fosse. Eg har ikkje sett nokon av dramaa hans på scenen.) 


Dødsvariasjonar frå 2002 er eit av desse stykka. Dette er eit snedig oppbygd drama om sorg, sakn, einsemd og dødslengsel. Me møter eit foreldrepar og ei dotter i ulike fasar av livet. I tillegg møter me sjølvaste Døden i menneskeham, som dottera frå ung alder kjenner ein dragnad mot. Handlinga er ikkje-lineær, med scenar som utspelar seg på ulike tidsplan på ein dramaturgisk smidig måte. Etterkvart visar det seg at handlinga sirklar seg inn mot ei sentral hending som vert openberr ganske tidleg i stykket, men som ikkje vert syna før mot slutten. Den stadige vekslinga fram og attende i tid er lett å henge med på og skapar ei kjensle av at det er lagnaden som kjem til syne gjennom handlingsgangen. 


Fosse er inne på den same tematikken i Eg er vinden frå 2007, men det stykket er ikkje mykje å skryte av (og det er ikkje berre av di eg synest sjølvmord er eit ubehageleg tema å lese om, for det gjer eg.) I Dødsvariasjonar skapar han nemleg karakterar som ber preg av levd liv, ikkje berre pappfigurar som deklamerer fossistiske replikkar, og dødstematikken verkar meir gjennomarbeidd. 


Eg er framleis ambivalent til prosaen til Fosse. Han er litt av ein one trick pony, med sine gjentakingar, innskotne «ja» og avbrotne replikkar. Det er repetitivt og oppstylta, men skapar likevel ein slags gjenkjenneleg flyt, og heilt urealistisk som muntleg språk er det jo ikkje.


Eg gjev Dødsvariasjonar tommel opp.


(Og du, kvifor høyrer du ikkje på det svenske hardrockbandet Amaranthe? Eg har berre vore fan eit par veker no, men dei to siste platealbuma deira har fått mykje speletid på avspelingsutstyret mitt i det siste. Manifest kom for ei veke sidan og inneheld nesten berre gode komposisjonar, men den forrige plata Helix er enda betre. Her snakkar me om ein herleg, ultramelodiøs blanding av dei svenske paradegreinene pop, death metal og power metal, med ein god dose nu-metal. Totalt skamlaus Eurovision-metal. Tre vokalistar, moderne, dynamisk riffing og trommespel, og melodiar du berre vil høyre igjen og igjen. Sjølv kunne eg tenkje meg litt fleire gitarsoloar, men ein jo kan ikkje få alt ein ynskjer seg heller. Check it out!)


Jon Fosse:

Dødsvariasjonar (Samlaget, 2002)


Amaranthe:

Helix (Spinefarm, 2018)

Manifest (Nuclear Blast, 2020)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Troller Würmstuggu nyhetsbildet igjen?

  Det siste døgnet har vi mottatt en del henvendelser fra våre lesere angående denne artikkelen i VG. Er denne «Selma Moren, debattjournalist og kommentator» bare en oppdiktet Würmstuggu-figur? er det noen som spør. Er det bare redaksjonen som er ute og troller nyhetsbildet igjen?  Dette har vi avkreftet tidligere, men likevel er det ikke helt usant. Det er ikke vi som har skapt figuren, det er det noen i VGs satireredaksjon som har gjort, men akkurat denne artikkelen er det vi som har ført i pennen. Vi har nemlig inngått en avtale med VG om å levere «Selma»-stoff i tiden fremover. Men vi er ikke de eneste, for «Selma» er et gruppeprosjekt med flere bidragsytere, både fra VG-redaksjonen og eksterne. Vi synes det er en morsom utfordring å se nyhetsbildet gjennom øynene til en tenåringspike som kanskje er litt trangsynt og ikke så veldig smart, men som kompanserer med et stort hjerte og tro på seg selv. Det er flere «kommentarer» som allerede er skrevet og som bare venter på å bli publ

Bokomtale: Ugress & omstendigheter

  En kveld tidlig i oktober satte jeg meg ned og leste Michaels Konupeks diktsamling Ugress & omstendigheter . Efter å ha lest den to ganger, slo to tanker ned i mitt hode: 1) Om kort tid vil jeg trolig ha glemt hele boken, og 2) for de aller fleste vil boken forbli fullstendig ukjent, kun en anonym bokutgivelse i en smal genre som ble utgitt uten brask og bram en gang i 2024, med mindre noe helt spesielt skulle skje, som for eksempel at Konupek skulle bli en folkekjær realitykjendis eller mottager av Nobels litteraturpris. Derfor satte jeg meg ned og skrev denne teksten, som her siteres i sin helhet:  «Den tsjekkisk-norske forfatteren Michael Konupek er for meg et nytt navn, men ifølge omslagsteksten på den ferske diktsamlingen Ugress   & omstendigheter har han utgitt flere skjønnlitterære verk, deriblant romanen Böhmerland 600 cc . Boken har et monokromt omslag i en farve jeg vil kalle «mørk militærgrønn» og inneholder informasjon om tittel, forfatter, genre og forlag. Boken

Når #metoo dreper

  Søndag 24. mars begynte et mareritt for den prisbelønte amerikanske serieskaperen Ed Piskor, kjent for tegneserier som «Hip Hop Family Tree», «Wizzywig» «Red Room» og «X-Men: Grand Design», og ikke minst den svært populære Youtube-kanalen «Cartoonist Kayfabe». En kvinne ved navn Molly Dwyer postet en «historie» på Instagram der hun fremla et nøye kuratert utvalg chatmeldinger fra 2020 som kunne gi inntrykk av at Piskor forsøkte å flørte med henne. På dette tidspunktet var Dwyer 17, snart 18 år, og Piskor var 37. De kontekstløse chatmeldingene ble ledsaget av grove anklager om «grooming» og uanstendig omgang med en mindreårig. Noen tok et skjermbilde av Instagram-posten og spredde den på sosiale medier. Dermed var helvete igang for Ed Piskor. Internettmobben begynte å samle seg for å ta ned nok et offer.  I løpet av timer ble det en allment akseptert sannhet at Piskor var en pedofil overgrepsmann, eller i beste fall en «creepy old man» som prøvde å komme ned i buksene på unge piker. H