Eg fann eit kvesta rådyr no i kveld
på vegen inn til garden der eg bur.
Det låg heilt stilt med brekte bein og stira
på verda som ho såg ho langvegs frå.
Eg skunda meg til huset, henta børsa
og sprang attende. Rådyret var vekk
då eg kom fram til plassen der eg fann det.
Kor var det blitt av? Hadde eg sett feil?
Var sanseapparatet usynkront
med medvit, hug og røyndom? Var det berre
bedrag? Kva visste eg? Eg vende om
og rusla skamfull heim i nattestilla.

Kommentarer
Legg inn en kommentar