Gå til hovedinnhold

Dokument

 


Eg held eit dokument i eine handa

og åpnar det med andakt, byrjar lese.

Kva er no dette? Er det propaganda?

Her er ein foreløpig eksegese:

Kvar einaste figur er tynga ned

av traume, tvil og mørke barndomsminne.

Og likevel er alle utstyrt med

ein dragnad mot å alltid måtte vinne,

og med moral av aller høgste merke.

På lette føter spring dei over taka

og somme flyg i lufta. Dei er sterke

i hug og musklar, og dei trur på saka.

Dei lever bak utførlege fasadar. 

Eit liv i kamp krev ro. Men deira strid

tek form av endelause maskeradar.

Der kjempar løyndomsfulle individ

ein kamp om hegemonisk makt. Eg skal

avslutte med ein enkel refleksjon:

Det handlar eigentleg om korleis vald 

gjev større rett enn kjærleik, tru og von.



Foto: Bradley Weber 

https://creativecommons.org/licenses/by/2.0/deed.en



Kommentarer