Eg må vedgå at eg ikkje fekk meg meg den store pornoskandalen rundt Michel Houellebecq i fjor vinter «in real time». Det var var fyrst i sumar, i samband med at eg eg las (og skreiv om) romanen hans «Serotonin», eg kom over nokre artiklar om denne merkelege episoden. Eg kan likevel ikkje seie eg vart så veldig overraska over at nettopp Houellebecq rotar seg bort i noko slikt. Han er jo ikkje «heilt A4», som ein gjerne seier, og mange av bøkene hans vitnar om ei sterk interesse for aparte seksuelle praksisar. Dei inneheld jo talrike eksplisitte skildringar av «kjønnsorgan i rørsle», ofte på måtar som må verke framadarta for dei fleste, eller i alle fall dei mindre seksuelt avanserte, av lesarane hans.
Seinhaustes 2022 kom Houellebecq altså i kontakt med den nederlandske videokunstnaren Stefan Ruitenbeek og vart narra til å spele inn scenar av pornografisk art for filmserien «Kirac». Når eg seier at Houellebecq vart «narra» til å vere med i videoen, er det sjølvsagt hans ord og hans perspektiv, for det er berre gjennom boka hans, «Noen måneder i livet mitt», eg kjenner denne saka. I Houellebecqs framstilling er han sjølv eit offer for renkespelet til Ruitenbeek, som i boka vert kalla «Kakerlakken» Dei kvinnelege medarbeidarane til Ruitenbeek vert namngjevne, men for det meste vert dei omtala som «Purka», «Kalkunen» og «Giftslangen». Boka er eit sjølvforsvarsskrift om affæren, og eit åtak på Ruitenbeek og teamet hans.
Kva som er sanninga, er det ikkje opp til meg å seie. Boka vart skrive over ein periode på to veker våren 2023, rett etter at Houellebecq hadde tapt to sivile rettssaker mot Ruitenbeek, ein i Frankrike og ein i Nederland. Her gjev han sin versjon av hendingane. Han er sterkt foruretta og freistar å ta igjen med eit kollektivt karakterdrap på motstandarane sine. Men ærleg talt, sjølv om eg kan vere samd med Houellebecqs moralske dom over «Kakerlakken» og gjengen hans, er hovudinntrykket mitt at Houellebecq fyrst og fremst har seg sjølv (og kona) å takke for situasjonen han har kome i.
Som litterært verk har boka mange kvalitetar, for er det noko Houellebecq kan, så er det å skrive, og tankane hans er det jo alltid interessant å ta del i. For ikkje å seie morosamt. Eg lo i alle fall høgt fleire gonger medan eg las denne boka. Han er innom mykje meir enn sjølve pornoskandalen. Han skriv openhjartig om eigen libido og dei libertinske seksuelle tilbøyelegheitene sine, om islam, innvandring og tv-vanene sine. Han klarar sjølvsagt heller ikkje å unngå nokre digresjonar om litteratur (Grisham, Fontane og Mann), pornografi, den franske revolusjonen, vener og fiendar i fransk kulturliv, Den katolske kyrkja, «den fallosmektige tullingen Picasso» og livet som offentleg person i Macrons Frankrike. Digresjonane er minst like interessante som det sentrale narrativet. Interessant er det også at Houellebecq etter eiga utsegn ikkje visste at Ukraina og dei baltiske statane var uavhengige statar før i 2014, i samband med den russiske annekteringa av Krim. Jaja, desse kunstarane kan vere nokre skruar.
Les gjerne boka om du interesser deg for den slags. Sjølv er eg vel det ein kan kalle ein Houellebecq-fan, så eg likte ho godt, men eg ville aldri betalt 349 kroner for ho. Gå heller på biblioteket og spør om dei har «Noen måneder i livet mitt» inne.
Michel Houellebecq
Noen måneder i livet mitt
Oversatt av Tom Lotherington
Cappelen Damm, 2024
Kommentarer
Legg inn en kommentar