Opprørerne i Mäntsälä |
Vyrde lesarar!
Hugsar de Pehr Evind Svinhufvud, som me skreiv om for eit par dagar sidan? No som kalenderen syner oss at me er kome til 2. mars, synest me der er på sin plass å minna lesarane våre om at på denne datoen for 92 år sidan, altså i 1932, klarte president Svinhufvud å slå ned det såkalla Mäntsälä-opprøret, eit væpna kuppforsøk mot den finske statsmakta i regi av den fascistisk inspirerte Lapporørsla, som kravde at den sitjande regjeringa måtte gå av, avgensing av røysteretten og forbod mot det sosialdemokratiske partiet.
Rørsla, som oppstod i 1929, var ein reaksjon på forsoningspolitikken til styresmaktene etter borgerkrigen mellom «dei raude» og «dei kvite» i 1918, og hadde forbod mot kommunistiske organisasjonar som den viktigaste kampsaka. Lapporørsla hadde, som fascistar flest, ikkje mykje til overs for tradisjonelle, parlamentariske prosessar, og nytta gjerne middel som vald og kidnapping for å oppnå måla sine. Og dei var ikkje utan suksess. Eit forbod mot kommunistisk verksemd kom på plass etter oppløysing av Riksdagen og nyval i 1930. At finnane var redde for kommunisme, er ikkje så rart, for den mektige naboen i aust var eit ultravaldelig kommunistisk diktatur som nett på denne tida førte ein brutal krig med sin eigen bondestand.
Vel, i byrjnga av mars stod tusenvis av væpna Lappo-aktivistar klare til å marsjere mot hovudstaden og krevje makta, slik Mussolinis fascistar gjorde i Italia ti år tidlegare. Men president Svinhufvud visste råd! 2. mars haldt han ei radiotale der han oppmoda opprørane til å vende heim. Nokon ytterlegare straff trong dei ikkje frykte. Men leiarane i Lapporørsla vart sjølvsagt arresterte og idømd fengselsstraff, og etter at heile spetakkelet var over vart heile rørsla forbode av styresmaktene. Men i 1930-åra var det ikkje berre berre å stoppe politiske rørsler. Nokre år seinare vart det fascistisk inspirerte partiet Fosterländska folkrörelsen skipa. Men det skal me ikkje gå inn på her.
Foto: Aarne Pietinen
Kommentarer
Legg inn en kommentar