I dag er det 50 år sidan Richard Nixon, også kjent som «mannen av stål» trekte seg som president av Sambandsstatane etter Watergate-avsløringane. Nixon hadde då vore leiar av den frie verda i fem og eit halvt år. Han var ein energisk president som fekk utretta mykje. Mellom anna fekk han styrka miljøvernet, sørga for avspenning mellom supermaktane og betra sambandet med Kina. Han trekte Amerika ut av Vietnamkrigen og styrka sjølstyret til indianarstammane vis á vis dei føderale styresmaktane. Han starta ikkje den amerikanske romoffensiven, men det var han som var president då menneskja for fyrste gong vitja månen. Ja, samtlege bemanna månelandingar skjedde i hans presidentperiode. Som president var han populær - han vann to presidentval - men som ekspresident er han ein av dei mest forhatte i historia. Hittil er han den einaste som har trekt seg frå det øvste embetet i amerikansk politikk, men det vil neppe overraske mange om han om om nokre månader, for ikkje å seie veker, berre vil bli rekna som den fyrste som gjorde det. Nixon døydde i 1994, 81 år gamal.
.
Kommentarer
Legg inn en kommentar