Tex Willer nr 711
«Dom uten anke»
av Antonello Rizzo, Pasquale Ruju og Rossano Rossi
Egmont, 2023
Tex er ute med eit nytt nummer. I nr. 711 får me andre og siste del av historia som vart innleia i 710. «Dom uten anke» er en slåande tittel, og Claudio Villas omslag her er mykje betre enn det som pryda førre nummer. Men korleis er innhaldet? Får lesarane valuta for dei 80 kronene han må ut med for følge eventyra til Tex Willer no om dagen? Leverer Antonello Rizzo, Pasquale Ruju og Rossano Rossi varene?
Tja, kva skal ein seie? Fyrste episode av denne forteljinga imponerte meg ikkje, men eg synest historia tok seg opp i dette andre avsnittet. I fyrste halvdel av episoden går det ganske roleg for seg. Det meste handlar om komplottet mot sheriff Sander og den påfølgjande rettssaka. Berre tre menneske vert skotne i denne halvdelen, men eg skal sjølvsagt ikkje avsløre kven dei er. Halvvegs ut i episoden vert ein ny skurk introdusert, ein som står over han me så langt har vore hovudskurken. Så får me eit blodbad av ein actionsekvens før historia roar seg igjen, før ho endar med nok ei actionscene der Tex og Kit gjer det dei kan best. I alt er det 54 «BANG» i denne episoden (men berre eitt «ZIP»), så det er klart at ein del liv går tapt i løpet av denne historia. Eit par karar får også stifte nærkontakt med nevane til Tex. Heldigvis for heltane våre er det ganske høg toleranse for politivald og ekstralegale metodar i Tex Willers verd. Litt humor vert det også plass til heilt på slutten.
Alt i alt vart dette ei historie som ikkje utmerker seg, korkje i den eine eller andre retninga, men som eg under noko tvil kan gje eit godkjent-stempel. Jaja, alt kan vel ikkje vere gull, men jamnt over er det jo kompetente folk som lagar Tex Willer. (Berre ein merknad før eg avsluttar: Det er mogleg likskapen er tilfeldig, men det ser nesten ut som teiknar Rossano Rossi har brukt Benjamin Netanyahu som modell for skurken Mart Holmer. Det gir jo historia ein viss aktualitet med tanke på det som hender i Midtausten om dagen.)
Neste månad kan me sjå fram til ei historie teikna av sjølvaste Alfonso Font! Eg reknar med at det vert ei solid kvalitetsheving, i alle høve med omsyn til det visuelle.
Kommentarer
Legg inn en kommentar