Nei, eg les ikkje lenger cellulosebaserte bøker. Dei er upraktiske og dyre og krev eksterne ljoskjelder, noko ein ikkje alltid har høve til å bruke. Dessutan er utvalet av bøker på dei ulike digitale plattformene mykje større enn det ein finn i alminnelege bokhandlar og bibliotek. Nokre vil hevde at det gjev ei særskilt, ikkje nærare spesifisert kjensle å bla i papirbøker, og at det er triveleg å ha ei bokhylle i stova.
Det er jo sjølvsagt berre sludder. Kjensler er flyktige og ikkje sjeldan lygnaktige, og når alt kjem til alt, er jo både papirbøker og bokhyller berre organisk materiale som kjempar ein uvinneleg kamp mot forråtning og absorbsjon i biomassen.
Nett som menneska som brukar dei.
Nett som menneska som brukar dei.
Kommentarer
Legg inn en kommentar