Ein tidleg marsmorgon ved Donaus bredd,
stod eg og såg i vatnet der det flaut
forbi i flaue bølgjer gjennom byen.
Eg grunna over daude kameratar
og gjenferda som held meg mjukt i handa
om natta. Dei er alltid der i mørkret
og trøyster meg. Og vatnet reinsar sjela.
Ja, denne elva gjer meg fjåg i hugen.
Ho er eit ope sår i Habsburglandet
som ikkje gror og ikkje let seg skjule
av is og snø om vinteren. Eg veit
at dette vatnet ber på fleire draumar
enn eg i mine mørkaste minutt
kan forestille meg. I vatnet såg eg
forvridde andlet under overflata.
Eg kjende nokre att, men ikkje alle.
Så innsåg eg at alle var den same,
og alle likna meg. Eg tok av kleda
og sumde over til den andre sida.
(Bilde: Wikimedia Commons)
Kommentarer
Legg inn en kommentar