No er vi komne til huset vårt. Til huset vårt der du og eg skal vere saman. Du og eg åleine til huset der du og eg skal vere åleine saman. Langt borte frå dei andre. Huset der vi skal vere saman åleine i kvarandre.
Det hender ikkje så mykje i Jon Fosses fyrste skodespel Nokon kjem til å komme (1996). Eit nygift ektepar skal flytte inn i eit gamalt, avsidesliggjande hus der dei skal "vere saman åleine i kvarandre". Dei er nesten som Adam og Eva i eit gudlaust paradis, for i huset deira skal ingen komme. Der skal dei vere "ikkje berre åleine, men åleine saman".
Men kvinna får ei aning om at nokon kjem til å komme. Og ho får rett; nokon kjem. Den tidlegare eigaren av huset kjem og bryt den intense tosemda. Han er påtrengande og pratsam og viser inga forståing for trongen mannen og kvinna kjenner for å vere åleine saman i kvarandre. Han er slangen i det gudlause paradiset, katalysatoren for konflikten i stykket, som kan karakteriserast som eit mellommenneskeleg syndefall.
Den løynde bibelske symbolikken i stykket korresponderer godt med den i filmen Lake Placid vs. Anaconda (2015) av A. B. Stone. Her handlar det også om konflikten mellom mann og kvinne i ein natur som vert invadert av slangar. Men her finst det reptil frå før: krokodiller. Filmen har eit mykje større persongalleri enn Fosses stykke, noko som skapar ein meir kompleks dynamikk forholdet mellom rollefigurane. Ein ser også ei fragmentering av antagonistrolla, i og med at det er to typer reptil - dei falliske slangane og dei meir vaginale krokodillene - og at det er mange av dei. Og reptila er like svoltne på kvarandre som dei er på menneska i filmen. Som ein skjønar er ikkje dette eit klassisk kultur vs. natur-scenario, men snarare ei projisering av menneskenaturen på dei primitive reptila den vestlege kulturen nyttar som symbol på det antimenneskelege.
Fosse let sin inntrengjar bli eit bilete på slangen i paradis, medan Stone nyttar reptila som bilete på mennesket. Begge innfallsvinklane set lys på spanande sider ved kjønnsrollene i den jødisk-kristne kulturkrins, og både filmen og skodespelet har forbausande mykje interessant å seie om den menneskelege naturtilstanden.
Både Nokon kjem til å komme og Lake Placid vs. Anaconda er vel verdt å få med seg.
Bilde: Wikimedia Commons
Kommentarer
Legg inn en kommentar