Eg skriv eit dikt mest for at det skal rime.
Og rime gjer det. Berre følg med her:
Her er det enderim en masse. Det gjer
at ein kan sitje time etter time
og berre kose seg med ord som læt
som gild musikk frå himmelhøge sfærar.
Alt saman trylla fram av ein poet
(eller kan hende av ein simpel lærar
i norsk som keiar seg). Legg merke til
den jambiske rytmikken, orda går
i taktfast marsj mot siste strofe. Vil
dei ende meiningsfullt? Kven veit? Eg får
vel ende diktet no, for dikta mine
tar alltid slutt i siste verseline.
Kommentarer
Legg inn en kommentar