Robert Harris: Fatherland (1992)
Dette er ein kriminalroman der handlinga er lege til 1964 i eit kontrafaktisk nazi-Tyskland som vann den andre verdskrigen. Ein nazitopp, Josef Bühler (ein verkeleg person), blir funne drepen, og politietterforskar Xavier March blir sett på saka. Slik startar plottet, som er godt bygd opp og verkar truverdig innanfor settinga. Etter kvart visar det seg at drapet på Bühler berre er ein liten del i eit mykje større spel, der det er om å gjere å halde på dei mørke løyndomane frå fortida til naziregimet.
Boka er spanande og godt skrive, men det som gjer ho verkeleg interessant er skildringa av samfunnsforholda i eit naziregime som, 20 år etter at det vann krigen, verkar å ha moderert seg og samstundes har total kontroll over Europa frå Uralfjella i aust til Atlanterhavet i vest (eit unntak er Sveits, som framleis er nøytralt).
Alt i alt ei god bok til kriminalroman å vere.
Det finst også ein god filmatisering med Rutger Hauer i hovudrolla (og norske Petronella Barker i ei lita birolle.)
Kommentarer
Legg inn en kommentar